• Blogg
  • Nynorsksenteret på Forskingsdagane

Nynorsksenteret på Forskingsdagane

15.09.2024

Barnebokbad 2024 til nettside

Foto: Åge André Breivik

Tilsette ved Nynorsksenteret er involverte i fleire arrangement på Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. 

Maria Parr til nettside foto IMH
Forfattar Maria Parr (Foto: Ingvild Myklebust Hovden)

Barnebokbad med Maria Parr

Jakob (9), Sebastian (10) og Georg (10) stiller sine eigne spørsmål til den prislønte forfattaren bak Oskar og eg. Med hjelp frå Heidi Fagna og Isabella Pareliussen frå Nynorsksenteret har gutane lese, samtalt og laga spørsmål til publikumssuksessen Oskar og eg, som kom ut i 2023.

Først vil gutane stille spørsmåla sine til Maria Parr, og så opnar me kort for spørsmål frå salen. Deretter vil Isabella Pareliussen fortelje om arbeidet i forkant av dette bokbadet og om korleis ein kan arbeide med utforskande samtalar saman med barn.

Målgruppe: Elevar på 1.–7. trinn. Lærarar, lærarstudentar og andre som interesserer seg for barn og litteratur, som lærarutdannarar.

Tema: Litteraturdidaktikk, munnlege ferdigheiter og utforskande undervisning.

Tid: Fredag 20. september 2024 kl. 11.30–12.20.

Stad: Amfiet, Øyra skule, Volda.

Fagleg ansvarlege for arrangementet er høgskulelektorane Isabella Pareliussen og Heidi Fagna, Nynorsksenteret, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Folkehelsearbeid – barn og unge. Seminar

Tysdag 24. september

Seminar frå kl. 12.00–15.30: Sjå heile programmet her

Klokka 14.40: Mange snakkar om det, og vi gjer det! Begynnaropplæring. Helse og livsmeistring. Praktisk-estetiske læringsprosessar. Profesjonsmøte. Eit forskings- og utviklingssamarbeid mellom Christine Langeland (lærar, Møre barneskule / høgskulelektor, Nynorsksenteret), Merete Hoel Roaldsnes (musikkterapeut, Møre barneskule), Guro Kristin Gjøsdal og Liv Kristin B. Øvereng (høgskulelektorar, Nynorsksenteret). 

Kollasj tre tilsette ved NYS og Merete
Frå venstre Christine Langeland, Liv Kristin B. Øvereng, Guro Kristin Gjøsdal og Merete Hoel Roaldsnes.

Barneboktipset

Barneboktipset er ein podkast frå Nynorsksenteret der åtte fjerdeklassingar gir boktips om bøker for 1.–4. trinn. Vi speler av eit par av podkastane og fortel kort om arbeidet. Elevane som har vore med i podkasten, er til stades og fortel korleis det var å verte boktipsarar.

Ingvild Myklebust Hovden fortel om undervisningsopplegget som følgjer med.

Målgruppe: Lærarar, lærarstudentar og andre som interesserer seg for barn og litteratur, som lærarutdannarar.

Tema: Litteraturdidaktikk, munnlege ferdigheiter og utforskande undervising.

Tid: Torsdag 26. september 2024 kl. 12.00–12.30.

Stad: Biblioteket, Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda.

Fagleg ansvarlege for arrangementet er rådgjevar Ingvild Myklebust Hovden og høgskulelektor Heidi Fagna, begge frå Nynorsksenteret ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

 

Barneboktipset komprimert til nettside
Åtte elevar gir boktips om bøker for 1.–4. trinn.
Stripe
459233568 1908057963036087 7555448163723400284 n
Fagleg ansvarlege for Tekst og tanke er studenthumanist Lone Ellingsvåg Knutsen, høgskulelektor Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret) og rådgjevar Elin Gundersen (biblioteket).

Tekst og tanke – helse i litteraturen

Vi bruker lesemetoden samlesing (shared reading) og blir kjende med god litteratur og gode menneske! 

Tekst og tanke er eit studentvelferdstilbod ved Høgskulen i Volda med formål om å skape gode menneskemøte, dialog, demokrati og god helse gjennom samlesing av litteratur.

Vi byr på nysteikte vaflar, kaffi og saft.

Velkomen!

Fagleg ansvarlege for arrangementet er høgskulelektor Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret), studenthumanist Lone Ellingsvåg Knutsen og rådgjevar Elin Gundersen (biblioteket).

Les meir om samlesingsmetoden her: https://bibliotekutvikling.no/sharedreading/  

Les også blogginnlegget om samlesing frå Nynorsksenteret: https://nynorsksenteret.no/blogg/samlesing-i-nynorskopplaeringa 

Tid: Torsdag 26. september 2024 kl. 18.00–19.30.

Stad: Kaarstadstova (K100), Henrik Kaarstad-huset, Høgskulen i Volda.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Songane som sette spor: frå «Gangdøra» til «Ein farfar i livet»

Med utgangspunkt i den nye boka si, Slagersong og svartmetall – godbitar frå den nynorske populærmusikken, fortel høgskulelektor Arild Torvund Olsen (Nynorsksenteret) historia om dei fyrste 80 åra med nynorsk populærmusikk på plate, frå 1938 og fram til 2018. Kva er koplinga mellom Einar Gerhardsen og platekarrieren til Marie Lovise Widnes? Kva rolle spelte Maria Parr då dei største slagerane til Odd Nordstoga vart laga? Og kva har Netflix og Herbjørn Sørebø med nynorsk populærmusikkhistorie å gjera?

Arrangementet er i samarbeid med Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid.

Tid: Torsdag 26. september 2024 kl. 19.00.

Stad: Aktivitetshuset ved Småbåthamna, Vikholmen, Ulsteinvik.