På våren og sommaren er det pride-markeringar mange stader i landet, og mange skular ynskjer òg å markera pride. Utdanningsdirektoratet har skrive ein fin tekst om korleis de kan arbeida med tema som mangfald, kjærleik, inkludering og retten til å vera seg sjølv.
«Felles referanserammer er viktig for den at den enkelte skal kjenne tilhøyrsle til samfunnet», står det i den overordna delen av læreplanverket. Store idrettsmeisterskap som fotball-VM kan vere ei slik felles referanseramme som samlar folk på tvers av bakgrunn og interesser. Difor har vi med utgangspunkt i VM laga eit lite undervisingsopplegg for ungdomstrinnet.
Vilde Ryen Ystad er norsklektor på Strinda vgs. i Trøndelag fylke. I denne teksten kjem ho med eit konkret og klasseromsnært tips til korleis ein kan arbeide med ein kortprosatekst av Jon Fosse.
Tysdag 12. mai klokka 10.00 hadde forfattar Monica Goksøyr eit digitalt innlegg der lærarar og elevar fekk lære meir om Ivar Aasen, og om uventa koplingar mellom språkhistorie og hiphop-kultur. Kva har eigentleg Ivar Aasen til felles med hiphop?