• Blogg

Blogg og nyhende

Marianne Clementine Håheim til nettsidejpg

Håheim skriv gripande om eteforstyrringar

Ein knyttneve av ei lyrikkbok skaffa debutanten ei mengd bokmeldingar, og ho vart omtalt som landets rockepoet. Sidan gav Marianne Clementine Håheim ut den sjølvbiografiske romanen Svart belte, som lærer oss mykje om livet med eteforstyrringar.

24.10.2024

Nana Rise portrett til nettside

Norsk Barneblad tilbyr undervisningsopplegg

Norsk Barneblad er eit nynorsk blad for barn og unge i alderen 7–14 år. Det kjem ut 11 ulike temanummer kvart år, og bladet er gjennomillustrert i fargar. No får du undervisningsopplegg til bladet.

22.10.2024

Lærar ved Haramsøya skule og Liv Kristin kollasj til nettside

I balansepunktet

Byrjaropplæringa skal innehalde både leik og utforsking, med både papir og nettbrett. Korleis får ein det til?

17.10.2024

Toril Sjo til nettside

Nettkurs med Toril Sjo torsdag 24. oktober

Torsdag 24. oktober kl. 14.30–15.00 held førstelektor Toril Sjo eit nettkurs der du får nye konkrete tips om effektiv, fleksibel og målretta nynorskopplæring. Målgruppa er alle som arbeider med nynorsk for innvandrarar i vaksenopplæringa. Det passar også for andre som underviser i nynorsk som andrespråk.

15.10.2024

IMG 5141 utsnitt

Har utvikla eit kreativt og praktisk undervisningsopplegg

«Lær og lev med heile meg» er eit utviklingsprosjekt som handlar om helse og livsmeistring i begynnaropplæringa. Resultatet er undervisningsaktivitetar som skal fremje eit motiverande, kreativt og praktisk læringsmiljø.

14.10.2024

Pepar Halloween

Opplegg og boktips til halloween

31. oktober feirar mange halloween. I takt med at haustmørket senkar seg, dukkar det opp graskarlykter i hagane, og mange barn kler seg ut med skumle kostyme og masker. Det er tid for «Knask eller knep!».

08.10.2024

Haavard Festø til nettside

Tekstar for ungdom om relasjonar

Her er ei liste over gode tekstar som tematiserer relasjonar, og som illustrerer skjer i sjøen på vegen mot trygge relasjonar. Tekstane handlar om å rekkje ut ei hand, ta kontakt, vanskane knytte til å vere seg sjølv i møte med andre, og å leggje merke til andre si velvilje når det stormar som verst.

02.10.2024

Magnhild Bruheim til nettside

Bygdekrimdronninga Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim skriv krim og spenning for barn, ungdom og vaksne. Ho tar opp mange vanskelege tema, men nokre grenser i barnebøkene må ho likevel ha.

01.10.2024

Ida Lovise Bøe utandørs til nettside

Å gje tid til vennskap: Verdsdagen for psykisk helse

Har du åtte minutt til overs? Kvifor ikkje bruke dei til å ringje ein du bryr deg om? Ei handling som kan ha stor betydning, spesielt i ei tid prega av mykje uro. Kanskje kan det hjelpe å snakke saman? Dette er oppfordringa når verdsdagen for psykisk helse vert markert 10. oktober i år.

27.09.2024

Styret i Språkrådet på besøk komprimert til nettside

Styret i Språkrådet fekk servert Twist og utfordringar

Styret i Språkrådet har besøkt Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. Skriveprogram i skulen som ikkje fungerer på nynorsk, var eit viktig tema. Mangel på nynorske læremiddel og læringsressursar til same tid og pris som på bokmål, er også ei stor utfordring.

19.09.2024