Ungdom les nynorsk – takk valfaget!
29.10.2025
Frå venstre Sofie, Charlize og Helene.
På Fjell ungdomsskule i Øygarden kommune har dei eit litt spesielt valfag. I skulebiblioteksvalfaget får elevane kome tett på litteraturen både som lesarar, formidlarar og kreative formgivarar. Gjennom praktiske oppgåver, formidlingsprosjekt og utforsking av nye bøker har elevane lært å skape leselyst hos andre.
Tekst og foto: Jorid Saure
Førre skuleår arbeidde elevane med eit oppdragsbrev frå Nynorsksenteret. Her fekk dei i oppgåve å lage ei utstilling og ein leselystkampanje som fokuserte på nynorske ungdomsbøker. Målet var å lokke fleire ungdommar til å oppdage alt det gode som finst i den nynorske ungdomslitteraturen.
Meining og mottakar gir motivasjon
– Elevane har gjennom valfaget arbeidd både med sjølvvalt litteratur og bøker dei har fått tildelt, blant anna i samband med samarbeidsprosjektet med Nynorsksenteret, fortel skulebibliotekar og valfagslærar Toril Aune Børmo.
Ei av oppgåvene som engasjerte mest, var å lage bokvideoar.
– Det at oppdraget kom frå ein ekte mottakar utanfor skulen, gjorde noko med motivasjonen. Elevane tok det på strak arm og likte at arbeidet deira skulle bli sett.
Elevane som formidlarar av nynorsk litteratur
I samband med ei nynorskutstilling fekk elevane velje seg ei nynorsk bok, lage eit såkalla «magebelte» med informasjon om boka og ein QR-kode som fører til ein bokvideo dei sjølve har laga.
– Dette var ein engasjerande og morosam måte å vise fram litteratur på, fortel Toril.
Ho peikar på at ei utfordring var at elevane måtte velje mellom eit avgrensa utval bøker.
– Trass i at skulen har eit breitt utval nynorsk litteratur, er det framleis færre bøker innanfor enkelte sjangrar, særleg dei sjangrane som ofte appellerer til elevar som ikkje les så mykje frå før. Booktok-bøker på nynorsk treng vi fleire av.
Sjølv om prosjektet var knytt til nynorsk, var ikkje det språklege fokuset gjort tydeleg i utstillinga. – Det har ikkje vore eksplisitt sagt at det er nynorske bøker vi har stilt ut. Tanken er at bøkene skal få tale for seg sjølve, at det er innhaldet som skal vere i fokus, ikkje målforma.
Isabel tilrår nynorsk ungdomsroman!
Éin av elevane som har hatt skulebiblioteksvalfaget er Isabel Revheim på 10. trinn. Ho valde å arbeide med romanen Istid i Overleve-serien av Tor Arve Røssland – ei bok ho gjerne tilrår vidare:
Postapokalyptisk spenning i Istid
– Eg synest boka var veldig spennande og trur mange andre ungdommar også vil like romanen. Handlinga er postapokalyptisk og handlar om at verda går under grunna klimaendringar. Eg likte at det var to ulike karakterar som var hovudpersonane i romanen og at det varierte kven som var forteljarstemma. I tillegg så var romanen lett å lese, sjølv om han krevde litt merksemd:
– Du må følgje ganske godt med i handlinga, for det skjer mykje. Men boka er ganske lettlesen, det er tjukke sider og lite tekst.
Elevane har jobba grundig med bokvideoane i prosjektet. Først las dei boka, så skreiv dei manus og filma fleire scener.
– Vi brukte mange forskjellige vinklar, og vi hadde med rekvisittar. Etterpå la vi på tekst og redigerte videoen, fortel ho.
I tillegg laga dei såkalla «magebelte» med kort omtale og vurdering, som dei bretta rundt boka. Det heile vart presentert i ei bokutstilling i biblioteket.
Elevane fekk stor fridom i val av tema og uttrykksform. For denne eleven har det kreative arbeidet vore det mest motiverande.
– Eg likar å filme, det synest eg er det gøyaste. Og å redigere, seier ho med eit smil.
Biblioteket – ein roleg fristad på skulen
Det var interessa for biblioteket, og eit ønske om å bytte valfag, som gjorde at ho valde faget.
– Eg likte å vere på biblioteket, og så var eg litt lei av det valfaget eg hadde før. Då tenkte eg det kunne vere kjekt å halde på med ting på biblioteket.
Ho meiner skulebiblioteket spelar ei viktig rolle, spesielt som eit roleg alternativ til friminutta ute:
– Det er mykje rolegare der, og for dei som likar det litt stille, er det fint å kunne lese eller jobbe der.
Nynorsk? – Det gjorde eigentleg ikkje noko forskjell
Boka ho har lese var på nynorsk, men det var ikkje noko ho opplevde som negativt.
– Eg la merke til det, men det gjorde eigentleg ikkje noko forskjell, seier ho. Ho håpar fleire ungdommar vil lese, og trur omslaget spelar ei stor rolle:
– Eg trur coveret er veldig viktig. Det må vere spennande. Og så må temaet vere relevant for ungdommar. Isabel nemner fantasy og drama som sjangrar ho likar, og peikar på at det er gøy når bøkene ikkje liknar på røynda.
– Det er spennande når det skjer noko uventa, seier ho.
På spørsmål om kva ho ville sagt til forfattarar som skriv for ungdom, kjem svaret kjapt:
– Kanskje dei kunne brukt litt fleire illustrasjonar i bøkene.
Lyst å gje elevane i oppdrag å førebu og lage ein leselystkampanje? Sjå her: La elevane førebu ein leselystkampanje for ungdom. Oppdragsbrevet som skulebiblioteksvalfaget fekk, finn du her.