La elevane førebu ein leselystkampanje for ungdom

I denne oppgåva får elevane i oppdrag å planlegge og gjennomføre ein leselystkampanje for ungdom. Målet med oppgåva er å orientere seg i den nynorske samtidslitteraturen, jobbe kreativt i samarbeid med andre, og forhåpentlegvis også få lyst til sjølv å lese bøker. 

Førebuing: Set elevane saman i grupper på tre–fire. Legg ut lenkja til  nynorskbok.no på læringsplattforma de brukar.  

Tips: Førebu oppstartstimen ved å skrive ut oppdragsbrevet til elevane. Brett brevet saman og legg det på pultane til elevane.