Denne undervisningsaktiviteten handlar om å vere takknemleg og reflektere over kva ein er glad for. Elevane skriv noko dei er takknemlege for, på eit haustblad. Dei klipper ut bladet og heng det på eit tre i klasserommet. De kan anten måle ei grein eller ein trestamme, eller de kan finne ei grein i skogen og henge ho opp i klasserommet. Elevane kan også skrive haustløfte på lappane sine, noko fint dei kan gjere for andre.
Dette opplegget høver både for elevar som har nynorsk som hovudmål, og for elevar som har nynorsk som sidemål. Temaarbeidet kan leggjast opp som eit tverrfagleg samarbeid mellom norsk og kunst og handverk.
Hausten er komen, og det er ei fin tid for lesing. Leselyst er i vinden som aldri før, og mange poengterer at skulebibliotek kan vere ein viktig nøkkel.
Endeleg er fire nye undervisningsressursar i satsinga Bok på 1-2-3 her! Vi tek utgangspunkt i både ny litteratur og klassikarar, og formålet er at ressursane skal bidra til heilskapleg og oppdatert undervisning for tida vi lever i. Med Bok på 1-2-3 kan de erfare at alt kjekt i undervisninga kan vi gjere på nynorsk!
Ein knyttneve av ei lyrikkbok skaffa debutanten ei mengd bokmeldingar, og ho vart omtalt som landets rockepoet. Sidan gav Marianne Clementine Håheim ut den sjølvbiografiske romanen Svart belte, som lærer oss mykje om livet med eteforstyrringar.
Norsk Barneblad er eit nynorsk blad for barn og unge i alderen 7–14 år. Det kjem ut 11 ulike temanummer kvart år, og bladet er gjennomillustrert i fargar. No får du undervisningsopplegg til bladet.
Torsdag 24. oktober kl. 14.30–15.00 held førstelektor Toril Sjo eit nettkurs der du får nye konkrete tips om effektiv, fleksibel og målretta nynorskopplæring. Målgruppa er alle som arbeider med nynorsk for innvandrarar i vaksenopplæringa. Det passar også for andre som underviser i nynorsk som andrespråk.
Her er ei liste over gode tekstar som tematiserer relasjonar, og som illustrerer skjer i sjøen på vegen mot trygge relasjonar. Tekstane handlar om å rekkje ut ei hand, ta kontakt, vanskane knytte til å vere seg sjølv i møte med andre, og å leggje merke til andre si velvilje når det stormar som verst.