• Blogg
  • Opne døra til bøkene!

Opne døra til bøkene!

04.09.2024

Gutar som les på biblioteket

Hausten er komen, og det er ei fin tid for lesing. Leselyst er i vinden som aldri før, og mange poengterer at skulebibliotek kan vere ein viktig nøkkel. 

Tekst: Isabella Pareliussen
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Eit skulebibliotek har ein låg terskel inn i ei verd av bøker, inspirasjon og lesing. Men kva skal vi finne på i desse skulebiblioteka? Mykje kan skje i eit magisk skulebibliotek, og vi har tenkt ut ti tips til aktivitetar:

  1. Slepp alt og berre les. Ta med elevane til biblioteket, la dei finne seg ein koseleg stad og berre lese. Det å ha ein fast bibliotektime i veka er noko som elevane kan gle seg til. Det er flott om lærarar, rektor, reinhaldarar eller bibliotekaren også viser at dei kan sleppe alt og berre lese! 
     
  2. Snakk om det du les. Når ein har lese, er det alltid kjekt å kunne samtale med nokon, og dele det ein har opplevd. Lesing er nemleg ein sosial aktivitet, og mange bibliotek har område som eignar seg for samtale. Det å kunne setje ord på leseopplevingane dine saman med andre gjev motivasjon og engasjement for lesing. 
     
  3. Lesesirklar. Om ein vil ta det endå lenger, kan ein arrangere lesesirklar. Då kan grupper av elevar verte einige om kva bok dei vil lese, bestille bøker hjå bibliotekaren og lese den same boka. Læraren må hjelpe til med å gje tid til både lesing og samtale. Kanskje vil lesesirkelen presentere boka i biblioteket til slutt? 
     
  4. Høgtlesing. Høgtlesing er sjeldan feil. Det kan vere læraren, bibliotekaren eller elevar som les. Eldre elevar kan lese for yngre elevar, til dømes fadderborna sine. Kva med å invitere barnehageborn på høgtlesing? Lesinga kan skje på ulike måtar. Det kan til dømes vere biletbøker eller andre bilete på storskjerm. Å få besøk som les høgt, er alltid stas.   
     
  5. Bokpresentasjonar. Dette kan gjerast på mange ulike måtar. Bibliotekaren kan kanskje presentere nye og gode bøker? Kanskje kan elevane sjølve lage bokkafé med bokpresentasjonar? Kanskje er bokplakatar tingen? Kva med at bibliotekaren inviterer lærarane og presenterer ny og aktuell barnelitteratur? 
     
  6. Estetiske opplevingar. Det å bruke fleire sansar i samband med lesing kan gje ei rikare leseoppleving der den indre opplevinga vert vist fram og forsterka. Ein kan teikne eller måle til bøker ein har lese, eller kanskje dramatisere delar av ei bok. Musikk som høver til boka, kan vere med i ei opplesing. 
     
  7. Bli kjend med bibliotekaren. Kven er bibliotekar, og kva går arbeidet ut på? La elevane forske litt på yrket bibliotekar og lage intervju. To spørsmål som kan vere med, er: Kva kan ein bibliotekar hjelpe elevane med, og kva kan elevar hjelpe bibliotekaren med? Det kan også vere interessant å finne ut om kva som er spesielt med skulebibliotekaren på vår skule.  
     
  8. Korleis verkar biblioteket? La elevane lære om biblioteket og systema der. Korleis er biblioteket organisert? Korleis er alfabetet brukt? Kva er Deweys system? Korleis blir lån registrerte? Kven ryddar? Kven betalar for nye bøker? Kva slags litteratur finst? Kva språk finn ein? Når elevane har lært seg korleis biblioteket fungerer, kan dei få vere bibliotekassistentar, der dei hjelper til med ulike oppgåver. 
     
  9. Utstillingar. Ei fin oppgåve å hjelpe til med, er å lage utstillingar. Mykje kan stillast ut, ifrå sjølvlaga bøker og tekstar til arbeid frå ulike klasseprosjekt. Utstillingane kan ha ulike tema, som fotballbokutstillingar, bøker om jul eller fantastisk fantasy. I utstillingane kan det også vere QR-kodar til filmar eller nettstadar som Nynorskbok.no. I tillegg til bøker kan ein ha med kunstverk som elevane lagar sjølve eller berre likar godt, eller det kan vere rare ting eller foto dei har teke. 
     
  10. Berre vere i biblioteket. Sist, men ikkje minst: Biblioteket må visast fram som ein fin stad å vere. Etter skulen, når ein skal gjere heimearbeid, på SFO, i friminutt – finn tid til å berre vere i biblioteket. Elevane kan sjå på bøkene, lese aviser, spele spel, lage ting eller berre snakke saman. Skulebibliotek er jammen ein fin ting!