• Blogg
  • På veg inn i framtidajunior.no

På veg inn i framtidajunior.no

02.11.2018

Framtidajunior Nett

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein

I fjor haust lanserte LNK storsatsinga Framtida junior, ei nynorsk avis som både kjem på nett og i papirutgåve, for born i alderen 9–13 (for eldre elevar finst nettavisa Framtida.no). Her finn du dagsaktuelle nyhendesaker, kultur­saker, bok­meldingar, quizar og mykje meir. Den visuelle­ utforminga er tiltalande og gjer det enkelt­ å orientere­ seg i dei ulike kategoriane. Det er også høve til å sende inn eigne bokmeldingar, meiningar­ eller andre tekstar til avisa. 

Å bruke nettaviser i undervisinga går natur­leg inn i fleire fag, mellom anna norsk, samfunnsfag og naturfag. Refleksjon rundt digitale, samansette tekstar er eit av kompetansemåla på mellomsteget.

I tillegg er Framtida junior eit utgangspunkt for skriveaktivitetar på nynorsk, både for elevar med nynorsk og bokmål som hovudmål. Det er meiningsfullt å lese og skrive om noko som opptek ein. Når framtidajunior.no opnar for at elevar sender inn lesarinnlegg, bokmeldingar og andre tekstar, er det fordi det er ekstra inspirerande å skrive til ein reell mottakar.

Nynorsksenteret har prøvd ut ulike­ oppgåver knytte til bruk av framtidajunior.no og har laga til ein forslagsbase for ulike innfalls­vinklar til nettavisa. Denne basen­ inneheld tips til skriving etter modell­tekst, skrive­rammer, kritisk refleksjon og argumentasjon.­ I tillegg har avisa sjølv utvikla eigne lærarressursar.

Framtida junior publiserer stadig nye tekstar,­ og tekstane som ikkje lenger ligg på framsida, finn du i arkivet. Derfor fungerer nettavisa også som ein rik tekstbase med nynorske tekstar om alt frå miljøtematikk til korleis menneske i ulike land lever liva sine. 

Dagsaktuelle tekstar på nynorsk om emne som elevane interesserer seg for, er ein gåve­pakke til skulen. Likevel er kanskje det aller viktigaste­ med Framtida junior at avisa appellerer til born, og at dei får lyst til å velje denne avisa når dei surfar eller vil lese om noko som opptek dei.