• Blogg
  • Roald Kaldestad – forfattar, musikar og katteelskar

Roald Kaldestad – forfattar, musikar og katteelskar

02.02.2023

Roar Kaldestad portrett til nettside

Forfattar og musikar Roald Kaldestad bur i Leirvik på Stord, ein småby som har mange fellestrekk med heimstaden til Heavykatten.

Musikalske kattar, trøystande kattar og døyande kattar: Musikar og forfattar Roald Kaldestad turnerer stadig med framsyningar baserte på både gamle og nyare bøker. Møt han i podkasten Bakom boka frå Nynorsksenteret.

Tekst: Heidi Fagna
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Roald Kaldestad har skrive fire bøker om den tøffe og kule Heavykatten, som noko uvillig vert ven med Discodansemusa – som elskar disco – og Pinnsvinet Phillip, som er glad i lyrikk. Den første boka om denne gjengen var boka han debuterte med i 2000.

Historiene om Heavykatten og venene vart til høyrespel på NRK, og etter meir enn to tiår turnerer Kaldestad framleis med ei framsyning om Heavykatten. Forfattaren sjølv trur det tidlause kan oppsummerast i to ord: Musikk og dyr.

– Musikken er jo ein ting. Det som er artig, er at foreldra til ungane som eg spelar for no, har vakse opp med AC/DC og KISS, så musikken er ikkje så rar lenger. Det andre er jo at det handlar om dyr. Det trur eg er ein nøkkel, for dyreforteljingar går aldri av moten. Sjølv vaks eg opp med Donald Duck og Esops fablar, og det finst jo ein haug med dyrefigurar i barnelitteraturen. Ungar elskar dyr, og kattar spesielt, seier Kaldestad i podkasten Bakom boka.

Katteelskar, forfattar og musikar

Og kattar er eit stikkord i alle bøkene hans. I 2006 kom biletboka Englefjell, som er illustrert av Øyvind Torseter. Me møter ei jente som elskar katten sin, men som må sjå at han vert sjuk og døyr. I 2014 kom boka To hundre og sekstini dagar, illustrert av Bjørn Rune Lie. Stemninga er roleg og trist. Det regnar støtt, og hovudpersonen saknar bestevennen sin, som har flytta. Heldigvis har han katten til trøyst.

– Eg elskar kattar. Kattar er der alltid, men dei er så sjølvstendige at du slepp å gjete dei. Og så er dei ekstremt underhaldande. Dei vert fokuset for heile familien fordi dei finn på så mykje og herjar rundt og kosar og klorar, seier Kaldestad.

Roald Kaldestad er i høgste grad både musikar og forfattar. Store norske leksikon formulerer det slik: «Forfattarskapen til Kaldestad er eit samspel mellom tekst og musikk. Han nyttar sine eigne låtar, som tilfører forteljingane kraft og truverd.» Det gjeld både når det går unna med futt og fart i Heavykatten og når han tek oss med til den andre enden av humørskalaen, i dei rolege og triste bøkene.

Vil at lesaren skal dikte med

Verken i Englefjell eller i To hundre og sekstini dagar får me vite kva hovudpersonen heiter, og me får ikkje vite så mykje meir om dei heller. Kaldestad vil ikkje gi oss for mange detaljar.

– Eg liker at lesaren er litt meddiktar. Difor skriv eg så kort som mogleg for at det skal vere rom for meddikting. Når ein ikkje veit alder eller namn på hovudpersonen, er det gjerne lettare å lese boka og tenke at denne personen er litt sånn som meg.

– Kva er den finaste tilbakemeldinga du har fått nokon gong?

– Eg spør alltid i byrjinga av framsyninga om dei veit kva ein forfattar er for noko. Då var det ein gut i 2. klasse på ein skule på Askøy som svarte at forfattarar er sånne som reiser rundt på skular og gjer folk glade. Då vart eg litt rørt. Men det er klart: Dette var jo før me hadde spelt framsyninga, og eg veit ikkje om han sa det same etterpå.

Høyr portrettet med Roald Kaldestad i Bakom boka der du høyrer podkast, eller her.

Heavykatten ikon
Heavykatten

Barnebokfiguren Heavykatten har vore i studio og spelt inn signaturlåten sin, «Heavy natta lang».

Pedal ikon
Skriv din eigen rockesong

I dette opplegget skal elevane skriva eigne rockesongar med inspirasjon frå barnebokfiguren Heavykatten. I arbeidet med skrivinga får dei læra nyttige triks i nynorskordboka på nett.