Verdas bokdag 23. april
19.04.2022

Vi oppmodar skular og barnehagar om å vere med på markeringa av verdas bokdag 23. april. Dette kan gjerast enkelt med få førebuingar, eller ein kan legge litt meir arbeid i det. Her finn du nokre døme på korleis ei slik markering kan gjennomførast.
Tekst: Irene Åbrekk Kalvatn
I år er bokdagen på ein laurdag, men ein kan markere dagen i barnehagen og skulen på førehand eller i etterkant. Elles kan eit besøk på folkebiblioteket saman med familien kanskje vere kjekt på sjølve bokdagen?
I 1995 fekk 23. april tittelen «verdas bokdag», og dagen har kvart år sidan blitt markert over heile verda. Datoen er ikkje tilfeldig, men har bakgrunn i at tre store forfattarar døydde denne datoen i 1616. På nettsida til FN kan vi lese at «verdens bok- og opphavsrettdag feirer bokglede, leselyst og det positive ved lesing.»
Lær om nokre forfattarar og lag utstilling på skulebiblioteket
- Vel ut nokre forfattarar som elevane skal lære meir om. Det kan vere lurt å velje forfattarar frå ulike tidsepokar, både avdøde og nolevande forfattarar. Vel ut forfattar frå både Noreg og utlandet.
- Del elevane inn i grupper og gjer det til ei gruppeoppgåve. Resultatet skal bli plakatar med informasjon om ulike forfattarar. Plakatane kan hengast opp på skulebiblioteket, om det finst på skulen, eller hengast opp i fellesarealet på skulen.
- På bokdagen kan dei andre elevane på skulen besøke skulebiblioteket og sjå på «forfattarutstillinga».
- Dette skal elevane finne ut: Namn, nasjonalitet, fødd (evt. når døydde forfattaren), kva sjanger skreiv/skriv forfattaren i (sakprosa, skjønnlitteratur), bilete av forfattaren, liste over nokre av bøkene. Vel ut ein av tekstane og skriv meir utfyllande om han.
Lag bokkasser til klasserommet og barnehagen
- Legg ekstra vekt på å lese bøker rundt bokdagen.
- Varier mellom høgtlesing og det å la elevane lese sjølve.
- I barnehagen kan de ha samlingsstund der de les bøker eller «leikar bøker»
Skriv eller teikn bokmeldingar
- Skriv bokmeldingar av bøkene elevane les. Her finn de ein mal de kan bruke om de vil.
- Teikn ei bokmelding. La borna teikne noko dei hugsar frå ei av bøkene de har lese. Heng opp i barnehagen eller klasserommet og lag ei utstilling.
Les nynorske bøker
- På Nynorskbok.no kan de finne hundrevis av nynorske bøker, både for barn og ungdom. Her finn de bøker i ulike sjangrar og vanskegrader, og bøkene er delte inn etter aldersgrupper.
Gratulerer med verdas bokdag, og lykke til med markeringa!