Undervisingsopplegg til novellesamlinga Tusenfryd
I novellesamlinga Tusenfryd (2022) av Lars Mæhle kan vi lese åtte noveller med ulike hovudpersonar. Dei seks gutane og jentene går i den same klassen, og vi møter dei same elevane igjen i fleire av novellene. Forteljingane heng saman med kvarandre, og slik får vi ei heilskapleg innsikt i liva til tenåringane og relasjonane mellom dei. Kva er årsakene til at dei er som dei er og gjer som dei gjer? Novellesamlinga skildrar brytningstida mellom barn og vaksen, utfordringar og løyndommar. Temaa utanforskap og mobbing er gjennomgåande i novellene.
Til læraren
Her finn de oppgåver og aktivitetar knytte til kvar av novellene i samlinga. Til nokre av novellene er det fleire aktivitetar. De må sjølve vurdere om de vil bruke alle desse, eller om de vil plukke ut ein aktivitet til kvar novelle.
Temaet mobbing kan vere ekstra vanskeleg for enkelte elevar. Ver merksam på det i samband med arbeidet og spørsmåla. Ein del av oppgåvene til før-arbeidet er lagde opp slik at elevane kan notere ned tankar for seg sjølv. Etterpå kan du samle inn og ta ei anonymisert oppsummering av oppgåvene. Slik kan alle skal få same moglegheit til å dele tankane sine.
Last ned oppgåvene her: Tusenfryd (docx)
-
Læreplanmål
Her finn de nokre av dei læreplanmåla arbeidet med Tusenfryd kan knytast til. Dette er kompetansemål etter 7. trinn i faga norsk, krle, samfunnsfag, kunst og handverk, musikk, naturfag og kroppsøving. Ikkje alle læreplanmåla er dekte av oppgåvene og aktivitetane som er laga til, men de kan utvide og velje å trekke inn andre kompetansemål også.
Norsk:
- lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
- lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
- reflektere etisk over korleis eleven framstiller seg sjølv og andre i digitale medium
- utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage eigne samansette tekstar
Krle:
- bruke filosofiske tenkemåtar i samtale og undring
- utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar
Samfunnsfag:
- reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
- utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
- drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
- reflektere over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling, og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser
Kunst og handverk:
- utforske og reflektere over korleis kjensler og meiningar blir viste i kunst og bruke symbolikk og farge til å uttrykkje kjensler og meiningar i eigne arbeid
Kroppsøving:
- forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine
Naturfag:
- gjere greie for fysiske og psykiske forandringar i puberteten og samtale om korleis dette kan påverke kjensler, handlingar og seksualitet
Musikk:
- øve inn og framføre song og musikk, i samspel eller individuelt, gehørbasert og ved bruk av enkle notasjonsteknikkar
- utforske og formidle musikalske opplevingar og erfaringar
- reflektere over korleis musikk kan spele ulike roller for utvikling av identiteten til individ og grupper