Å formulere faglege setningar

Målet med desse oppgåvene er at elevane skal arbeide med å formulere setningar med fagleg innhald ut frå ein tekst dei har lese.

Som ein bror
Oppgåvene er laga til eit utdrag frå boka Som ein bror.

Når elevar skal skrive faktatekst, kan dei trenge hjelp til å lære korleis dei formulerer faglege og saklege setningar. Det er mange elevar som ikkje heilt veit kvar og når dei skal setje punktum. Elevar synest det kan vere vanskeleg å utvide setningane sine, og mange strevar med å bruke tekstbindarar på rett måte. Det er også mange elevar som opplever det som vanskeleg å samanfatte innhaldet i ein tekst med eigne ord.

Oppgåvene er laga til eit utdrag frå boka Som ein bror (side 9–16). Du finn sidene i utdraget her: Som ein bror. Det kan også vere fint å lese innleiinga (side 6–7) saman.

Det kan vere litt mykje å gjere alle oppgåvene. Det går heilt fint å velje berre ei eller to.

Oppgåver og fasit

Lesing

Les teksten om Julius saman: Som ein bror (side 9–16)

Skriving

Opplegget er prøvd ut i ei klasse på 5. trinn. Elevane likte å arbeide med både teksten og skriveoppgåvene. Læraren meinte at elevar som elles slit med å skrive setningar og uttrykkje seg fagleg, her fekk oppleve både meistring og skriveglede.

Forklaring til oppgåvene

1. Fullstendige og ufullstendige setningar

Målet med denne oppgåva er å gjere elevane medvitne om kva ei fullstendig setning er. Ei fullstendig setning er ei setning som kan stå aleine og vere meiningsfull.

Spør elevane kva ei setning er.

Gje døme på ei fullstendig setning:
sjimpansebabyen Julius vaks opp heime hjå ein menneskefamilie

La elevane fortelje kvar det skal vere punktum og stor bokstav. Rett opp.

Gje døme på ei ufullstendig setning:
måtte flytte ut frå dyreparken i Kristiansand

Få hjelp frå elevane til å gjere setninga ferdig. La dei fortelje kvar det skal vere punktum og stor bokstav.

Gjer oppgåva på oppgåvearket (to og to eller saman i klassa)

Tips til konkretisering:
Når du skal forklare borna skilnaden mellom fullstendig og ufullstendig, kan du til dømes vise elevane to små dokker der den eine manglar eit hovud. Den eine dokka er fullstendig, den andre er ufullstendig.

2. Forklarande ledd

    Av og til ønskjer vi å presisere eller forklare kva eller kven vi snakkar om i setningane våre. Slike tillegg skal ha komma føre og etter.

    Du kan til dømes skrive på tavla:

    Karete gjorde det kjekkaste ho visste.

    Spør elevane kven setninga handlar om. Forklar elevane at den setninga handlar om, er subjektet i setninga.

    Spør elevane om dei får vite kva Karete (subjektet) eigentleg gjorde i denne setninga.

    Forklar for elevane at vi skal «lure inn» litt ekstra informasjon om Karete her.

    Skriv setninga på nytt på tavla:

    Karete,_________________________, gjorde det kjekkaste ho visste.

    Fortel elevane at det kjekkaste Karete veit, er å gå på fjellet. Fyll inn i det tomme feltet, til dømes: som elska å gå i fjellet

    Karete, som elska å gå i fjellet, gjorde det kjekkaste ho visste.

    Forklar for elevane at av og til ønskjer vi å gje lesaren litt ekstra informasjon om subjektet i setninga (den setninga handlar om). Dette kan vi lure inn, men då må vi hugse å skilje det ut med komma føre og komma etterpå.

    Gjer oppgåva på oppgåvearket (to og to eller saman i klassa).

    Tips til konkretisering:

    Bruk gjerne dokka utan hovud for å vise elevane korleis vi brukar utfyllande ledd for å presisere:

    Dokka Dora kunne ikkje å bruke hue.

    Dokka Dora, som ikkje hadde hovud, kunne ikkje bruke hue.

    3. Utvid dei enkle setningane

    Mange elevar skriv korte setningar når dei skal forklare noko – enkle setningar som berre inneheld det eller viktigaste. Ingen tilleggsinformasjon. Vi kan fylle eller «kle på» desse enkle setningane med informasjon, og då kan vi følgje ei oppskrift.

    Elevane skal skrive ei setning om første skuledag på 5. trinn, og den enkle setninga her kan vere:

    [Namn på elev] starta på 5. trinn. (bruk namnet til ein av elevane i klassen)

    Spør elevane:

    • Når? (dato for skulestart det året)
    • Kvar? (namn på skule)
    • Kvifor? (sommarferien var over / ho/han vart 10 år dette året / fordi ho/han måtte etc.)

    No kan dei putte all denne informasjonen inn i setninga si. Be gjerne elevane starte setninga si med når det hende. I saktekstar er det mange setningar som startar med den strukturen. Då blir setninga til dømes slik:

    17. august 2020 starta Sara på 5. trinn ved Høgfjellet skule fordi sommarferien var over.

    Gjer oppgåva på oppgåvearket.

    Tips til konkretisering:

    Vis ei dokke med undertøy og snakk om at ho har litt lite på seg, berre det aller viktigaste. Ha med dokkeklede som du kler på dokka, plagg for plagg. Etterpå «kler de på» ei setning saman.

    4. Fordi, men og derfor

    Mange elevar skriv: og så, og så, og så for å skape framdrift og binding i teksten sin. Her kan vi lære elevane å bli medvitne om korleis ein kan variere og skape god binding i tekst og mellom setningsledd, og kva funksjon nokre av dei ulike bindeorda har.

    Gje elevane ei setning på tavla.

    Vi går på skulen.

    Snakk om kva setninga betyr.

    fordi

    Skriv dette på tavla:

    Vi går på skulen fordi

    La elevane gjere setninga ferdig. (Her kjem elevane kanskje med forslag som «fordi vi må», «fordi vi skal lære» etc.)

    Vi går på skulen fordi vi skal lære.

    men

    Skriv: Vi går på skulen, men

    Be om forslag til korleis vi kan gjere setninga ferdig. (Du får sikkert opp forslag som «men vi likar best å ha fri», «men om sommaren har vi heilt fri» etc.)

    Vi går på skulen, men vi likar best å ha fri.

    derfor

    Skriv på tavla:

    Vi går på skulen, derfor

    Be om forslag til korleis vi kan gjere setninga ferdig. (Du får sikkert opp forslag som «derfor kan vi ikkje sove så lenge vi vil om morgonen» eller «derfor kan vi ikkje gjere det vi vil heile dagen»).

    Vi går på skulen, derfor har vi blitt kjende med mange.

    Gjer oppgåva på oppgåvearket

    5. Gjer setningane ferdige

    Kartlegging av elevtekstar viser at dei gode skrivarane mellom anna meistrar bruken av tekstbindarar som skapar samanheng. Døme på tekstbindarar er: Slik at, trass i at, medan, sjølv om, dersom, på grunn av.

    I denne oppgåva får elevane øve seg på å skrive setningar som startar med slike formuleringar.

    La elevane prøve å skrive setningane ferdige. Gjer gjerne oppgåva saman med elevane.