• Blogg
  • – Fantastiske, fiks ferdige opplegg

– Fantastiske, fiks ferdige opplegg

24.05.2022

Nynorsk Kringsjå til nettside

– Bok på 1–2–3 er fantastiske, fiks ferdige undervisningsopplegg, seier lærar Lise Lahn-Johannessen ved Kringsjå skole i Oslo.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Kringsjå skole

Lise Lahn-Johannessen og dei andre kontaktlærarane på 5. trinn, Njaal Myrvang Olsen og Karl Inge Aadnøy, har nyleg gjennomført Bok på 1–2–3: Kampen. Det tverrfaglege undervisningsopplegget tek utgangspunkt i boka Kampen, som er skriven av forfattar Geir Egil Eiksund. Boka tek opp tema som homofili, kjærleik og vennskap og inneheld gode skildringar av korleis det kan opplevast når livet er utfordrande.

– Historia fengde verkeleg elevane, seier Lise.

Undervegs i lesinga var det ein elev som oppdaga noko om hovudpersonen i boka: «Åh, han er gay!» Då var det ein annan som kommenterte: «Hvis dette ikke er kjærlighet, så vet ikke jeg!»

Kampen omslag til nettside komprimert
Forfattar Geir Egil Eiksund har skrive Kampen.

LK 20

Lise Lahn-Johannessen set pris på at opplegga i Bok på 1–2–3 tek utgangspunkt i LK 20.

– Eg synest det er strålande at dei er forankra i den nye læreplanen. Når ein ser at opplegga har høg kvalitet, vert det lettare for meg å ta dei bruk, seier ho.

Opplegga er som regel strukturerte med innleiing, fire delar, pluss boktips.

– For meg som lærar vert det lettare å planlegge tidsbruken når opplegga har ein slik struktur, seier Lise.

Samstundes meiner ho at det er lett å gjere eigne tilpassingar til klassen. Lise har til dømes kopiert opp tre ulike korte utdrag frå boka Kampen.

– Etter å ha lese desse korte utdraga, har elevane skrive nokre få setningar om innhaldet. Deretter har dei skrive om kva dei trur kjem til å skje vidare, seier Lise.

Ho underviser også i naturfag. Der har ho mellom anna brukt Bok på 1–2–3: Dei svarte svanene.

– Opplegga er prega av leik og læreglede, seier Lise.

Tidleg start

Elevane ved Kringsjå skole i Oslo har nynorsk som sidemål.

– Norsk er både bokmål og nynorsk, difor synest eg det er viktig at elevane får eit naturleg forhold til begge skriftspråka frå barneskulen, seier Lise.

Ifølgje LK 20 skal elevar bli lesne for på sidemålet på 1. og 2. trinn. På 3. og 4. trinn skal elevane lese sjølve og utforske forskjellar i skriving. På 4.–7. trinn skal elevar prøve ut skriving av eigne sidemålstekstar.

– Det er ikkje alle foreldre som kjenner til desse læreplanmåla. Vi ønsker å bevisstgjere foreldre på at vi arbeider med nynorsk, og at vi finn gode ressursar på nettsida til Nynorsksenteret. Vi har fått tilbakemeldingar frå foreldre som synest det er kult at vi jobbar med nynorsk, seier Lise.

I tillegg håper ho at elevane like gjerne kan plukke med seg ei nynorskbok frå biblioteket.

– Eg er oppteken av at elevane skal oppleve leseglede uavhengig av om bøkene er på nynorsk eller bokmål, seier Lise.

Tilgjengelege for strøyming

Bok på 1–2–3 tek utgangspunkt i nynorske barnebøker. For at det skal vere lett å ta opplegga i bruk, er utdrag frå bøkene tilgjengelege for gratis strøyming i ein periode. På Nynorsksenteret.no finn du ei oversikt over dei bokutdraga som er tilgjengelege for gratis strøyming no. I tillegg kan du låne dei andre bøkene som er knytt til ressursar, på det lokale biblioteket.

Bok Paa 123 Kvadratisk
Bok på 1-2-3

Bok på 1-2-3 er undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ute til gratis strøyming.

Finn opplegg på Nynorsksenteret.no

Lise har funne fleire opplegg på Nynorsksenteret.no som ho har teke i bruk. Elevane har mellom anna lese «Guten med mobiltelefonen» av Frode Grytten og «Den vesle jenta med svovelstikkene» av H.C. Andersen.

– Desse tekstane var fine å bruke då vi skulle arbeide med å samanlikne litteratur før jul, seier Lise.

Ho synest det er ein stor fordel når tekstane er lesne inn som lydfiler. Då kan ho vise teksten på storskjerm i klasserommet, medan elevane både ser og lyttar. Lise vil gjerne også tipse om at springediktaten som ein finn på nettsida til Nynorsksenteret, kan brukast i fleire fag.

Springing
Stripe

TV og nettavis

Elevane har også sett Bli med heim på NRK Super som har tekst på nynorsk.

– Eg synest det er fint at elevane får høyre ulike dialekter. Elevane har sett tre episodar med Bli med heim, og så har dei fått lov til å velje ut sin favorittepisode som dei skal skrive om, seier Lise.

Sist, men ikkje minst, vil ho gjerne tipse om Framtida Junior.

– Dette er ei gratis nynorsk nettavis for barn. Her finn elevane spennande saker, i tillegg til mange kvissar som dei liker veldig godt, seier Lise.