• Blogg
  • Julekalendrar for barneskule, ungdomsskule og vgs.

Julekalendrar for barneskule, ungdomsskule og vgs.

25.11.2022

Tim gouw jp2g4x Xl5 QQ unsplash

Treng du inspirerande undervisingsopplegg i adventstida? Då er du komen til rett stad. Julekalendrane frå Nynorsksenteret inneheld skrivestartarar, tips til språklege aktivitetar og desemberaktuelle tekstar, læringsopplegg og songar.

Det er to ulike kalendrar – ein for barneskulen og ein for ungdomsskulen og vgs. Dei er laga i form av PowerPoint-presentasjonar som du kan ta i bruk i klasserommet.

Gamle opplegg

I tillegg til dei nye kalendrane, ligg det ute arkiv med opplegg frå dei to siste åra. Her er det mange kjekke språklege førjulsaktivitetar som du kan ta i bruk i klasserommet.