489 mil til Aleppo

  1. Før lesing: Kvar ligg Aleppo? Kva trur du denne novella handlar om?
  2. Vi les novella.
  3. Kven er hovudpersonen i denne novella, og kva får vi vite om ho?
  4. Skriv eit kort handlingsreferat, maksimum fire-fem liner, der du får fram kva som skjer i novella.
  5. Gå saman to og to. Les referata for kvarandre. Samanlikn. Har de lagt vekt på ulike detaljar og sider ved teksten? Er de einige om kva som er hovudinnhaldet i novella? Bli einige om kva som skal vere med, og kom fram til eit felles referat på maks fem liner.
  6. Vi skriv i sju minutt med utgangspunkt i dette biletet frå Aleppo. Vel ei av desse oppgåvene:
    1. Beskriv kva du ser på biletet.
    2. Skildre situasjonen ut frå synsvinkelen til ein av personane på biletet. Bruk eg-synsvinkel.
    3. Skriv ned kva for tankar du gjer deg når du ser på biletet.