Änglarna pratar om dig

  1. Kven er hovudpersonen i denne novella? Kva får vi vite om han?
  2. Kven er den svenske jenta som snakka til Karl då han skulle hente pizza på «Baronen», trur du? Kva veit du om ho? Kva trur du ho meinte då ho sa til Karl at «Änglarna pratar om dig»? 
  3. Karl har akkurat delt ein alvorleg løyndom med mora. Skriv tekstutdraget nedanfor ut frå mora sin synsvinkel, og bruk eg-form. Hald deg nær originalteksten.

    «Mora blei sitjande og stire ut framfor seg. Det var som om ho ville seie noko, at orda hennar òg stod der og venta på kanten av  stupet, men at ho ikkje makta å sleppe dei ut i dagen. I staden begynte ho å rugge på hovudet. Først sakte. Deretter heftigare. – Du veit kva vi må gjere no? sa ho til slutt. Jo. Han visste. Dei måtte gå til lensmannen. Legge alle kort på bordet. Alt ville bli kjent. I neste sekund kjente han handa hennar mot ryggen igjen. Han kvapp. Snudde seg mot henne. Auga til mora var innbitne. Og stemma hennar var forunderleg roleg idet ho endeleg steig fram igjen: – Dette må vi halde kjeft om. Dette kan vi aldri seie til ei levande sjel.» (s. 84–85)
  4. Her er nokre eksempel på språklege verkemiddel frå novella. Gå saman to og to og diskuter tekstutdraga. Kva for språklege verkemiddel er det snakk om? Kva for effekt har dei på teksten?
    • La meg få fortelje dykk om bror min. Han var ein svart engel dei 14 åra han levde. (s. 76, 81)
    • Her kunne han la seg omfamne av bølgjene av fortviling, dei som kom kastande over han no og da,
      og som skylde bort alle flikar av glede. (s. 76–77)
    • Ja, no kom sanneleg orda til han, dei som hadde skjult seg – eller kanskje snarare kilt seg fast på veg frå
      bevisstheita til arket. Og no når dei først kom, var det eit heilt ras av språk og setningar. Pennen bukta seg bortover arket i rasande fart. (s. 79)
    • Det var som om ho ville seie noko, at orda hennar òg stod der og venta på kanten av stupet, men at ho ikkje makta å sleppe dei ut i dagen. (s. 84)