Før gjekk eg alltid kledd i bomull

  1. Kven er hovudpersonen i novella? Kva får vi vite om ho? Diskuter to og to og fyll inn på tankekartet. Kva for inntrykk får du av Tuva?
  2. Skriv eit kort handlingsreferat frå festen til Eskil. Maks fem liner.
  3. Kvifor trur du Tuva bestemmer seg for å «hjelpe» Stian?
  4. Kvifor heiter novella «Før gjekk eg alltid kledd i bomull»? Kva er det eigentleg Tuva ønsker å seie når ho snakkar med Stian om bomullsklede og mørk materie?
  5. Les utdraget nedanfor.

    «Så stod dei der, langt borte frå alt og alle, og viste kjærleikens teikn til kvarandre, to utskot i verda som hadde hamna her, midt inne i svartaste skogen i denne vesle, rare, storslåtte dalen. Og dei kjente seg like malplasserte her, begge to, og det slo henne at ho var like mykje ein rømling som han. Ja, dei var eigentleg heilt like, dei to. Og idet ho løyste opp hjartet sitt, vinka til han og gjekk, så visste både han og ho at ingen av dei ville sladre om at den andre hadde vore her. For dei hadde sett seg sjølve i den andre sitt blikk, og dei hadde ikkje funne anna enn einsemd og mørk materie der inne.» (s. 126)

    Vel fem av desse setningsstartarane og skriv ferdig setningane med utgangspunkt i det du no har lese.
    1. Det gjer inntrykk på meg at …
    2. Når Tuva tenkjer at dei eigentleg er heilt like, ho og rømlingen, så meiner ho at … 
    3. Eg synest skildringa av møtet i skogen … 
    4. Då eg las, la eg merke til … 
    5. Eg vart overraska over at … 
    6. Døme på språkleg bilete i dette tekstutdraget er … 
    7. Eg likte godt …. 
    8. Ingen av dei ville sladre på den andre, fordi …