Fuglen i røyret

  1. Vi les novella.
  2. Kven er hovudpersonen i denne novella? Kva får vi vite om han?
  3. «Ein kan seie at fuglen som er innesperra i røyret, er eit bilete på Anders.» Er du einig i påstanden? Kvifor/kvifor ikkje? Grunngje svaret ditt og kom med eksempel frå teksten.
  4. Kva trur du skjer når Anders og Marianne møter kvarandre att etter episoden på Helsetunet? Skriv samtalen mellom Anders og Marianne. Hugs rett teiknsetjing ved direkte tale.
  5. Tema i litteraturen er ofte dei store spørsmåla livet, som t.d. kjærleik, einsemd, alderdom, ungdom. Ei novelle kan ha fleire tema. Her er nokre forslag til tema i «Fuglen i røyret». Snakk saman to og to. Finn minst tre tema i novella. De kan anten velje blant forslaga under, eller gjerne kome med eigne. Grunngje vala.
    1. Tema i novella kan vere mot til å seie frå, fordi …
    2. Tema i novella kan vere einsemd, fordi … 
    3. Tema i novella kan vere å bry seg, fordi … 
    4. Tema i novella kan vere fridom, fordi …
    5. Tema i novella kan vere …