Jag är Supermann

  1. Vi les novella høgt.
  2. Kva for personar treffer vi på i denne novella?
  3. Kva får vi vite om karakterane i novella? Snakk saman to og to og diskuter så i klassen. Vi fyller ut rammenotatet i lag.
    1. Kva står direkte i teksten?
    2. Kva forstår vi ut frå det dei seier sjølve og det dei gjer?
    3. Kva forstår vi ut i frå det andre seier til og om dei?
  4. Skriv i fem minutt:
    Skriv ein samanhengande tekst der du skildrar Bjørn ut frå synsvinkelen til anten Eskil eller Ulla. Pass på så du ikkje berre ramsar opp trekk ved utsjånaden, men prøver å skildre Bjørn slik du trur Eskil eller Ulla oppfattar han.
  5. Les slutten på novella ein gong til. Korleis tolkar du han? Kva er det Bjørn har innsett?

    «Dalen opna seg for han. Han svevde inn i dette landskapet som han kjente så godt, men som han ikkje hadde sett frå denne synsvinkelen før. Han såg alt på ein annan måte no. Han hadde fått eit nytt blikk på alt.»

    Snakk saman to og to læringspartnarpar (gruppe på fire) før klassesamtale.

Slutten av novella

Og sakte, men sikkert auka Bjørn farten. Han jogga nedover jordbæråkeren no, og små glimt av det som hadde skjedd denne dagen, kom tilbake til han. Blafrande bilete. Situasjonar. Ting han hadde sagt og gjort. Ting han angra seg slik for i ettertid. Særleg no som han hadde ei større innsikt i korleis situasjonen faktisk var. Ikkje minst var det éi setning som kverna i hovudet.

Jag är Supermann.

Kvifor i himmelens namn hadde han sagt det? Setninga hadde komme frå ingen stadar, fordi han ikkje kom på noko å seie. Og så hadde han berre bust ut med det, desse ufattelege, malplasserte orda. Han hadde slyngt dei mot Ulla, jenta som var meir øydelagt inni seg enn nokon annan.

Han skjemdest.

Jag är Supermann. Herregud.

Det verste var at han ikkje blei kvitt setninga no. Ho gjekk om att og om att oppe i skolten. Jag är Supermann. Og han auka berre takta, sprang no, i eit forsøk på å bli kvitt denne setninga, men ho kom tilbake, igjen og igjen, jag är Supermann, og han spurta alt han kunne nedover jordbæråkeren, kjente at han liksom var i ferd med å lette, jo, og han lukka auga, og i fantasien vrengde han av seg kleda, nesten som Clark Kent i telefonkiosken, og han letta, svevde opp i lufta, mens han kviskra dei same orda, igjen og igjen, jag är Supermann, jag är Supermann, håll ut, jag kommer, og han flaug av stad, bakken og åkeren og gardane blei mindre under han, han steig opp i lufta, stadig høgare, kappa blafra bak han, og han var heilt blå, berre S-merket lyste gult på brystkassa, og han strekte armane ut framfor seg, heldt auga lukka og kviskra dei same setningane, igjen og igjen, jag är Supermann, jag är Supermann, håll ut, jag kommer, og han visste at det ikkje var sant, og han visste at det berre var noko han førestilte seg, men likevel ville han ikkje slutte å flyge. Han ville berre vere oppe i lufta.

Sveve over jorda.

Vinden blafra i håret og han flaug berre vidare. Dalen opna seg for han. Han svevde inn i dette landskapet som han kjente så godt, men som han ikkje hadde sett frå denne synsvinkelen før. Han såg alt på ein annan måte no. Han hadde fått eit nytt blikk på alt. Og han flaug berre på, auka farten jamt og trutt, og han låg der i lufta og kviskra til seg sjølv, om og om igjen, stadig høgare, stadig sterkare, orda gav stadig større gjenklang inni hovudet. Jag är Supermann! Jag är Supermann.

Håll ut, jag kommer!