Bokønskelister: Eg vil lese bøker som ...
I denne oppgåva skal eleven reflektere over sine eigne lesepreferansar og til slutt skrive og presentere ei bokønskeliste basert på bøker henta frå nynorskbok.no. Målet med arbeidet er å bli merksam på eigne leseønske, få lyst til å lese og å orientere seg i landskapet av nynorsk samtidslitteratur. Oppgåva inneber ulike læringsaktivitetar som gjev eleven moglegheit til å skrive, samtale med dei andre elevane og presentere bokønska sine munnleg.
Trinn 1: Gjer eleven motivert
Skap ei ramme rundt timen som gjer eleven interessert i temaet og motivert til å arbeide. Tips: Førebu timen med å kople til pc-en og vise denne bakgrunnen (hugs lyd) på el-tavla før det ringjer inn. Når elevane har sett seg ned, leverer du ut dette arbeidsarket.
La elevane fyrst jobbe kvar for seg og deretter snakke saman om kva dei har skrive. Avslutt med ein klassesamtale i plenum. Lever deretter ut dette arbeidsarket som er tosidig. Når elevane er ferdige med å skrive, må alle reise seg og gå rundt og stille kvarandre spørsmåla som står på arket. Det er om å gjere å samle flest namn og innhente flest svar. Elevane noterer namna og stikkorda til svar på det tomme arbeidsarket.
Trinn 2: Lag og presenter ei bokønskeliste!
I denne oppgåva skal elevane utforme ei bokønskeliste ved å lage ein presentasjon. Deretter skal dei velje seg ut ei bok i bokønskelista som dei skal presentere munnleg for kvarandre. Fleire detaljar om oppgåva finn du i arbeidsarket til eleven. Du som lærar avgjer om eleven skal presentere boka i ei mindre gruppe eller framfor heile klassa. Når elevane presenterer bøkene for kvarandre, ber du resten av klassa skrive ned to–tre bøker som dei får lyst til å lese. Slik får det munnlege oppdraget til elevane ein dobbel funksjon som kan verke motiverande.
Tips til vidare arbeid: Skriv ut bokomslaga til bøkene som vert presenterte i klassa, og heng dei opp i klasserommet. Be elevane ta med seg bokønskelista si når dei vitjar skulebiblioteket eller det vanlege biblioteket, og gje dei i lekse og presentere ønskelista for foreldra sine. Det kan også vere lurt å be elevane leggje fram nokre av bøkene dei har lyst til å lese, på utviklingssamtalen. Det kan vere ein fin måte å tematisere lesing på og samstundes tipse foreldra om kva bøker dei kan hjelpe ungdomen sin med å låne.