Språkhistoria på 11 minutt
Kor raskt er det råd å fortelja språkhistoria?
Magritt Jarlsdotter Grimstad er lærar på Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund. Ho opplevde at undervisninga i språkhistorie var oppdelt og lite samanhengande når ulike delar var lagde til ulike steg: litt til åttande, litt til niande og litt til tiande. Oppdelinga gjorde at mange elevar mangla oversikt. Difor laga ho ein komprimert forteljeteaterversjon av språkhistoria, som ikkje skulle vera lenger enn ein skuletime. Denne versjonen har ho no komprimert ned til 11 minutt for filmmediet. Filmen kan vera til inspirasjon for deg som lurer på korleis språkhistoria kan gjerast meir levande for elevane.