Utforskande samtalar om språk

Tekst: Ingrid Slettevoll, Nynorsksenteret
Teikningar: Stig Bruksås

Dialogisk undervisning er ei pedagogsisk tilnærming som fremjar læring. I ein slik læringssituasjon er læraren samtalepart meir enn dommar. For å skape eit utforskande læringsmiljø er det avgjerande at læraren har medvit om korleis han skal leie dialogiske samtalar. Kjennteikn på slike samtalar er autentiske spørsmål, opptak og høg verdsetjing (Dysthe 1995). I desse omgrepa ligg ei forståing av kor avgjerande rolle læraren spelar i det å gjere elevane nysgjerrige ved å stille opne spørsmål som utfordrar alle til å ta del. Deretter er det viktig at læraren viser at han verdset innspel frå elevane med å løfte fram det dei seier, eller ved å utdjupe ytringane deira med nye spørsmål.

Samtalepingvinar

Språk er eit omfattande fagområde som alle har eit forhold til og dermed kan seie noko om. Læraren må la elevane få bygge på det dei kan, men han må også utfordre dei til sjølve å stille spørsmål om språk. I ein slik utforskande samtale treng både lærar og elevar eit språk om språket. I norskfaget skal elevane «utvikle kunnskapar om og eit omgrepsapparat for å beskrive grammatiske og estetiske sider ved språket» (kjernelement i norskfaget, 2020). Her viser vi nokre eksempel på korleis læraren kan få til utforskande samtalar om språklege fenomen på nynorsk. Ved å ta i bruk teikneserien som didaktisk ressurs prøver vi å modellere korleis vi ser for oss læraren i samtale med elevane sine. Men ein god lærar har alltid tenkt gjennom kva han vil problematisere for at elevane skal lære, og veit korleis han kan skape læringssitusjonar der det å stille rette spørsmål er like viktig som å svare rett.

Var Det Ein Gong Utsnitt
Var det ein gong?

Teikneserie på to sider som syner ein språksamtale om orda gong og gang.

Meiningane Utsnitt
Kva kjønn er meiningane dine?

Teikneserie på to sider som syner ein språksamtale om bøying av hokjønnsord.

Litteratur om emnet

  • Dysthe, O. (1995). Det flerstemmige klasserommet: skriving og samtale for å lære.Oslo: Gyldendal. Akademisk.
  • Matre, S. (2000). Samtaler mellom barn. Om utforsking, formidling og leik i dialogar.Oslo: Samlaget.
  • Christensen, H. og Stokke Seierstad. R. (red.) (2015). Samtalens didaktiske muligheter. Oslo: Gyldendal Akademisk.