Korleis skal vi minnast terror?

Jarnroser foto Oivind Arstad
«Jernrosene», eit minnesmerke etter 22. juli. Foto: Øivind Arstad

I 2021 er det 10 år sidan dei grufulle terrorhendingane på Utøya og i regjeringskvartalet. Åtaket var ei av dei verste hendingane i norsk historie, og det som skjedde 22. juli 2011 gjekk inn på og påverka folk over heile landet. 22. juli er eit traume for heile Noreg.

Elevane som går i ungdomsskulen no, var små då dette hende. Mange av dei hugsar nesten ikkje terroråtaket. Likevel er det viktig at 22. juli ikkje blir gløymd.

Utøya har ei lang historie som arena for ungdommar som deltek og viser engasjement. Demokratiske verdiar som respekt, mangfald og likeverd står sterkt. 10 år etter terroråtaket er Utøya eit mektig symbol på korleis demokratiet ikkje kan bli rekna for sjølvsagt, og samtidig eit inspirerande døme på ungdommar si motstandskraft mot terror og ekstremisme. Utøya er i dag ein unik stad for minne, læring og engasjement.

Sommaren 2019 var journalisten Ole Kristian Årdal på omvising på Utøya. Han fekk teikna eit bilete av Utøya som ferieparadis for hundrevis av politisk engasjerte ungdommar gjennom fleire tiår, historier om forelskingar, vennskap og gode sommarminne. Men omvisinga fortalde også om marerittet for 10 år sidan, då 564 leirdeltakarar leita etter gøymeplassar og rømmingsvegar på den vesle øya, og 69 vart drepne. Ho fortalde også om korleis ein har arbeidd for å minnast det grufulle som hende denne dagen:

Ole Kristian Årdal: Turist på Utøya (nrk.no)

Denne teksten kan vere ein av fleire innfallsvinklar til å samtale med elevane om det som hende, kva det gjorde med Noreg som nasjon, og kva minnet om hendinga kan bety for oss i dag.

Her finn du nokre samtalespørsmål ein kan stille i klassen etter å ha lese teksten. Desse spørsmåla kan ein arbeide med på fleire måtar. Elevane kan tenkjeskrive, ein kan samtale i par, i grupper eller i full klasse. Du som lærar legg opp til det som passar best for elevgruppa samtalen skal gå føre seg i.

Samtalespørsmål:

Før lesing:

  • Kva tenkjer du når du høyrer stadnamnet «Utøya»?

Etter lesing:

  • Kva tankar sit du att med etter å ha lese denne teksten?
  • Kvifor lurer journalisten på om det er greitt å reise til Utøya?
  • Korleis skal vi minnast terror?
  • Kva trur de journalisten meiner når han skriv at 22. juli er eit traume for heile Noreg?
  • Kvifor er det så viktig at vi aldri gløymer det som skjedde 22. juli 2011?

Spørsmåla tek ikkje høgde for at det kan vere elevar i gruppa som er direkte eller indirekte berørte av hendinga 22. juli 2011. Vi legg opp til at kvar enkelt lærar sjølv vurderer kva som passar for elevane sine.

Forslag til vidare arbeid:

Kjelder: