Likeverdspioneren Kim Friele
Undervisningsopplegg i norsk, samfunnsfag og KRLE for 8.–10. trinnet. Opplegget støttar norsk som andrespråk og interkulturell pedagogikk.
Tema:
- Kim Friele
- Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.
Læraren tilpassar og forklarer omgrep og anna til målgruppa.
Kopling til læreplanen og berekraftsmål
Vi finn støtte for opplegget i LK 2020 i faga norsk, samfunnsfag og KRLE, og i dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap. Opplegget tek også opp tema som går inn i FN sine berekraftsmål, som god helse og livskvalitet, likestilling mellom kjønna, mindre ulikskap, og fred, rettferd og velfungerande institusjonar.
Om Kim Friele
Kim Friele blei fødd i 1935 og døydde i 2021. Ho vert rekna som den viktigaste forkjemparen for homofile og lesbiske rettar i Noreg. Friele var aktiv i rørsla som i dag er kjent for LHBTI-personar sine rettar. Ho var akademikar og engasjerte seg som debattant, forfattar, skribent, og i Arbeidarpartiet.
Oppvekst
Friele voks opp i Bergen. Faren var skipsreiar. Ho vert beskriven som viljesterk. Etter vidaregåande opplæring tok ho språkstudium ved universitetet i Cambrigde. Ho blei gift, men ekteskapet vart oppløyst året etter. Tidleg på 1960-talet mønstra Friele på eitt av skipa til faren. Gjennom månadane til sjøs fekk ho auga opp for sosial urettferd. Etter dette vart ho særleg politisk bevisst.
Å kunne vere fri og open med legninga si
Friele flytta til Oslo og vart etter kvart engasjert i forløparen til FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald. Ho tok for alvor tak i å få bort lova som kriminaliserte praktisert homofili. Ho var den fyrste leiaren som våga å signere med fullt namn i offentlege brev, og ho stod sjølv ope fram som homofil. Friele var også den fyrste som snakka om homofili på NRK. Dette skjedde på midten av 1960-talet.
Utover 1970-talet vart vern mot diskriminering av homofile og lesbiske ei viktig sak. I siste del av 1970-talet lukkast Friele og rørsla med å vedta at homoseksualitet ikkje skulle reknast som ein psykiatrisk diagnose. Homofile vart også formelt likestilte med heterofile i Forsvaret.
Tidleg på 1980-talet vedtok Stortinget å inkludere homofile i det som vart kalla rasismeparagrafen. Saman med partnaren Wenche Lowzow arbeidde Friele for å setje søkjelys på diskriminering og audmjuking av homofile og lesbiske. Arbeidet vidare var prega av aids-krisa, partnarskapslov, stebarnsadopsjon og seinare ekteskapslov.
Kim Friele var oppteken av solidaritet. I dette låg også å ikkje diskriminere einslege og andre som lever utanfor partnarskap og ekteskap. Friele har vore sentral i arbeidet innanfor politikk for homofile og andre menneskerettssaker.
Oppgåver
- Kva er Kim Friele mest kjent for?
- Korleis vil du beskrive Kim Friele ut frå informasjonen du får?
- Kva står omgrepet skeiv for?
- Kva står LHBTI for?
- Instagram: Sjå gjennom nokon av bileta til brukaren @whereloveisillegal eller @lgbt_history. Vel eit bilete, vis fram og fortel for ein læringspartnar. Gjer dokker også kjente med kampanjen #Tacklehomophobia.
- Finn argument for at seksuelle rettar er menneskerettar.
Tilleggsressursar
Boktips
Kjelder
- Store Norske Leksikon: Kim Friele
- Sex og politikk - Foreningen for seksuell og reproduktiv helse og rettigheter