Spire
Ei god språkutvikling er viktig for barn både på kort og lang sikt. Språk er avgjerande for læring, kommunikasjon og sosiale relasjonar. Difor er arbeid med barns språk ein sentral del av barnehagekvardagen. Barn i område med nynorsk som hovudmål treng å møte det nynorske skriftspråket for å bli trygge nynorskbrukarar sjølve. Til det treng barn gode språklege førebilete. I heftet Spire har Nynorsksenteret samla tekstar med inspirasjon, boktips og råd om språkstimulering.
Me er tomme for fysiske eksemplar av heftet, men du kan lese det på nett:
I heftet
- Leiarteig: Det mangfaldige språkarbeidet
- Bokstavfiske – korleis utforske bokstavane i barnehagen?
- Nynorsk i den nye rammeplanen
- Ord og bilete i tett samspel – intervju med forfattar og illustratør Kari Stai
- Mellom boka og barnet – om høgtlesing og leseglede
- Med born som målgruppe – bokprat med barnebokskapar Anna R. Folkestad
- Toåringen og Bø og Bæ
- Aktivitetssider for born – om dei nye Berte og Iver-sidene
- Tidleg skriving
- Hei, dideli – leik med rim og rytme i barnehagen
- Nynorske lesefrø
- Boktips