• Blogg
  • Få kontroll på språkinnstillingane

Få kontroll på språkinnstillingane

13.08.2022

Illustrasjonsfoto lærar og elevar med i Pad

I 2020 undersøkte Framtida i kva grad lærarane synest det er lett å ha kontroll på innstillingane på elevmaskinene. Svara frå lærarane viser at det er mindre enn ein femtedel av lærarane som synest det er lett å ha kontroll på språkinnstillingane på elevmaskinene. Kva kan gjerast for å gjera det lettare?

Tekst: Arild Torvund Olsen
Illustrasjonsfoto: iStock, Martinedoucet

I dag er det altfor ofte slik at ingen tek ansvar for å passa på innstillingane til elevane. Lærarane er vande med at papirlærebøkene kjem på nynorsk til skulen, og mange tenkjer, logisk nok, at det her går automatisk med dei digitale læremidla òg. Resultatet er at mange elevar sit med bokmålsutgåva av læremiddel som faktisk finst på nynorsk, ofte utan at lærarane veit at det er bokmålsutgåva som er på elevmaskinene. Og kommuneleiinga, skulekontoret og andre sit og trur at alt er i orden i skulane i kommunen. For det er mykje som må stillast inn rett, anten det handlar om språkval i ulike digitale læremiddel eller om innstillingar for stavekontroll og inndataspråk. Her må kommunane få på plass retningsliner og rutinar. Nynorsksenteret samarbeider no med Volda kommune om å utforma ein rettleiar for slikt arbeid, men alt no er det mykje kvar lærar kan gjera sjølv.

Lag eit årshjul
Til dømes kan det vera lurt å laga seg eit årshjul som seier kva som skal sjekkast kva tid. Ein hovudregel kan vera å gå over alt av språkinnstillingar for alle elevane ved semesterstart, og deretter setja seg nokre datoar for stikkprøvar for å sjekka at ikkje ting har hoppa over til bokmål att.

Hugsereglar
Det kan vera lurt å laga seg nokre hugsereglar, som at du ikkje må leggja inn snarvegar til eit læremiddel på elevmaskinene eller elevbretta før du har gått inn og fiksa språkinnstillingane. For gjer du det, får elevane i mange tilfelle ein snarveg til bokmålsutgåva. Det same gjeld peikarar du sender ut i lekseplanar og liknande.

Tips frå Nynorsksenteret
På nettsida til Nynorsksenteret har me samla mange tips om innstillingar av digitale ressursar, alt frå korleis ein får nynorsk stavekontroll på iPad til korleis ein kan installera Windows på nynorsk. Målet er å gjera det litt lettare for lærarane å gje elevane eit digitalt læringsmiljø på nynorsk.

I Pad ikon
Rettleiar: Få kontroll på språkinnstillingane på iPad

Ved å få på plass enkle rutinar for språkinnstillingane kan lærarane skape eit betre nynorsk, digitalt språkmiljø for elevane.

Ingvild Kvadrat
Hugseliste for skular/kommunar

For at elevane skal få læremidla sine på nynorsk, er det mykje som skulane og/eller IT-avdelingane må hugse på når dei installerer program og appar. Her er ei lita hugseliste med hjelp og råd.

Windowsspraakval Ikon
Slik får du Windows på nynorsk

Slik kan du enkelt laste ned og installere den nynorske språkpakken for Windows.

Officespraakikon
Slik får du Office-pakken på nynorsk

Instruksjonar for korleis du får Office (Word, Excel, Powerpoint osb.) på nynorsk på Windows-maskiner.

20210111 141944
Slik får du nynorsk stavekontroll på iPad

Ved å byte til nynorske tastaturinnstillingar får du stavekontroll på nynorsk.