Rettleiar: Få kontroll på språkinnstillingane på iPad

Vevsideillustrasjon Are Edvardsen
Illustrasjon: Are Edvardsen

Ved å få på plass enkle rutinar for språkinnstillingane kan lærarane skape eit betre nynorsk, digitalt språkmiljø for elevane.

Her er tre viktige punkt:

  • Vel nynorsk tastatur på alle bretta før du deler dei ut til elevane.
  • Lag deg eit årshjul for å sjekke innstillingane.
  • Lag deg nokre hugsereglar/sjekklister.

Vel nynorsk tastatur

For at ikkje iPad-ane skal gje elevane raude strekar under nynorske ord eller automatisk endre dei til bokmålsord, må du sjå til at alle elevane har nynorsk tastatur på brettet sitt. Dersom du vel nynorsk tastatur, får elevane nynorsk stavekontroll i alle program som nyttar den innebygde stavekontrollen til Apple, til dømes populære appar som Skoleskrift og Book Creator.

Bruk denne oppskrifta:

20210111 141944
Slik får du nynorsk stavekontroll på iPad

Ved å byte til nynorske tastaturinnstillingar får du stavekontroll på nynorsk.

Lag deg eit årshjul

Av og til kan ein oppleve at instillingar på nokre appar hoppar attende til bokmål. Ved å lage eit årshjul for kva tid du skal gå gjennom språkinnstillingane, og kva tid du skal ta stikkprøver, vert det lettare å passe på at alt er rett. Her er eit framlegg til eit slikt årshjul:

  • Før skulestart (gjer det her på bretta til alle elevane):
    • Vel nynorsk som føretrekt språk.
    • Vel nynorsk tastatur.
    • Lag deg ei sjekkliste over appar og digitale læremiddel som er i bruk i klassen.
    • Sjå til at alle appar er installerte i nynorskutgåve, dersom det er ulike installasjonar for nynorsk og bokmål.
    • Vel nynorsk i innstillingane i alle appar og digitale læremiddel.
    • Sjå til at alle snarvegar på skrivebordet går til nynorskutgåver (ofte krev det at du ordnar alle språkval og språkinnstillingar før du lagar ein snarveg).
  • September og januar:
    • Ta stikkprøver på appar og læremiddel frå sjekklista di for å sjå at dei ikkje har hoppa over til bokmål. Dersom noko har hoppa over på bokmål, stiller du det over til nynorsk for alle elevane att og skriv opp eit tidspunkt for ei ny stikkprøve.
    • Ta stikkprøver for å sjå at snarvegar du sender elevane, fører dei til nynorskutgåva.
  • Etter alle oppdateringar av appar:
    • Ta stikkprøver for å sjå at appane og læremidla ikkje har hoppa over på bokmål.
  • Før store prøver eller eksamenar:
    • Sjekk at alle har rett tastatur installert.

Lag hugsereglar og sjekklister

Det kan vera lurt å lage seg nokre hugsereglar, som at du ikkje må leggje inn snarvegar til læremiddel på elevbretta før du har gått inn og fiksa språkinnstillingane. For gjer du det, får elevane i mange tilfelle ein snarveg til bokmålsutgåva. Det same gjeld peikarar du sender ut i lekseplanar og liknande. Ver ekstra obs på adresser som du kopierer frå lærarrettleiingar.

Del gjerne råd og tips i kollegiet.