Markering av nynorskdagen
16.05.2023

Elevar på 8. trinn ved Førde ungdomsskule laga ein nynorskvegg. (Foto: Eli Tjørhom Solheim)
Mange skular markerte nynorskdagen 12. mai.
Nynorskdagen er blitt ein fast merkedag for å feire nynorsken. 12. mai er dagen for det historiske jamstillingsvedtaket i 1885, då Stortinget vedtok å likestille nynorsk med bokmål.

Lærar ved Ski ungdomsskule, Line Akselsen, skriv at elevane synest det er gøy med nynorsk. Dei har mellom anna brukt undervisningsopplegget som Nynorsksenteret har laga til Rykter-serien frå NRK. Tidlegare har ho også laga rap med elevar.

Musikkvideoar på nynorsk
Sol Elisabeth Alhan som er lærar for 9. trinn ved Torpa barne- og ungdomsskule, har også gjennomført eit spennande prosjekt saman med elevane. Dei siste vekene har klassa hennar omsett kjende songar frå engelsk til nynorsk og laga musikkvideo til. På nynorskdagen fekk to av gruppene vise fram musikkvideoane til heile skulen som eit ledd i å markere nynorskdagen.
Femlinjersdikt
8A på Ramstad skule har markert nynorskdagen ved å skrive femlinjersdikt.
– Vi starta dagen med å snakke om alle dei viktige dagane i mai, og så fortalde eg at det nok var ein dag dei ikkje visste om, nemleg nynorskdagen. Denne var dei einige om at måtte markerast. Dei er ein gjeng som jublar (litt fordi dei har fått beskjed om det) kvar gong vi har nynorsk, seier Nina Bjørnvold som kontaktlærar for 8A.
– Vi gjekk gjennom kva eit femlinjersdikt er, las eksempla og skreiv opp forslaga dei kom med til tema på tavla. Dei hadde MANGE idear, og det var ikkje mangel på kreativitet. Dei skreiv fleire dikt kvar og valde ut det beste. Vi sette saman ein plakat med dikta deira og hang dei på ein vegg i klasserommet.

Lærar Hilde Haugland ved Knarvik barneskule fortel at elevane på 1. og 2. trinn har øvd inn vennskapssongen «Kom som du er». I tillegg har dei brukt ressursen «Eit år med lesemoro».


