• Blogg
  • Opplegg til uteskule

Opplegg til uteskule

06.05.2024

Litteraturloype

Har du lyst til å ta med elevane ut? Her finn du tips til nynorske læringsaktivitetar i uteklasserommet for 1.–10. trinn. 

For barneskulen

Bok paa 123 Bjorkebokstavar
Bjørkebokstavar (1.–4.)

Undervisingsopplegg for norsk, naturfag og KRLE.

Slipsslange Ikon
Berekraftig utvikling og miljøbevisstheit

I denne ressursen får elevane samtale, utforske, lese, skrive og vere aktive både inne i klasserommet og ute. Oppgåvene og aktivitetane tek føre seg kompetansemål i norsk, naturfag, samfunnsfag, mat og helse og kunst og handverk etter 4. trinn.

For ungdomsskulen

Vaaren er her ikon
Våren er her!

Ta med deg elevane ut, sug inn inntrykka av naturkulissane og la elevane skrive eit assosiasjonsdikt som har våren som tema. I undervisingsopplegget finn du også forslag til korleis ein kan jobbe med vårbingo, skodespel, frodige diktutstillingar og spelelister med utgangspunkt i våren.

30leiken ikon
30-leiken

I 30-leiken skal elevane finne postar i naturen og samarbeide om å løyse grammatiske oppgåver.

Litteraturloype kvadrat
Lag ei litteraturløype!

I dette undervisingsopplegget skal elevane arbeide med å lese og tolke lyrikk og bruke tolkinga si som utgangspunkt for å lage ei litteraturløype.