Hausten er komen, og det er ei fin tid for lesing. Leselyst er i vinden som aldri før, og mange poengterer at skulebibliotek kan vere ein viktig nøkkel.
Endeleg er fire nye undervisningsressursar i satsinga Bok på 1-2-3 her! Vi tek utgangspunkt i både ny litteratur og klassikarar, og formålet er at ressursane skal bidra til heilskapleg og oppdatert undervisning for tida vi lever i. Med Bok på 1-2-3 kan de erfare at alt kjekt i undervisninga kan vi gjere på nynorsk!
Ein knyttneve av ei lyrikkbok skaffa debutanten ei mengd bokmeldingar, og ho vart omtalt som landets rockepoet. Sidan gav Marianne Clementine Håheim ut den sjølvbiografiske romanen Svart belte, som lærer oss mykje om livet med eteforstyrringar.
Norsk Barneblad er eit nynorsk blad for barn og unge i alderen 7–14 år. Det kjem ut 11 ulike temanummer kvart år, og bladet er gjennomillustrert i fargar. No får du undervisningsopplegg til bladet.
Torsdag 24. oktober kl. 14.30–15.00 held førstelektor Toril Sjo eit nettkurs der du får nye konkrete tips om effektiv, fleksibel og målretta nynorskopplæring. Målgruppa er alle som arbeider med nynorsk for innvandrarar i vaksenopplæringa. Det passar også for andre som underviser i nynorsk som andrespråk.
Her er ei liste over gode tekstar som tematiserer relasjonar, og som illustrerer skjer i sjøen på vegen mot trygge relasjonar. Tekstane handlar om å rekkje ut ei hand, ta kontakt, vanskane knytte til å vere seg sjølv i møte med andre, og å leggje merke til andre si velvilje når det stormar som verst.
Magnhild Bruheim skriv krim og spenning for barn, ungdom og vaksne. Ho tar opp mange vanskelege tema, men nokre grenser i barnebøkene må ho likevel ha.
Har du åtte minutt til overs? Kvifor ikkje bruke dei til å ringje ein du bryr deg om? Ei handling som kan ha stor betydning, spesielt i ei tid prega av mykje uro. Kanskje kan det hjelpe å snakke saman? Dette er oppfordringa når verdsdagen for psykisk helse vert markert 10. oktober i år.
Styret i Språkrådet har besøkt Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. Skriveprogram i skulen som ikkje fungerer på nynorsk, var eit viktig tema. Mangel på nynorske læremiddel og læringsressursar til same tid og pris som på bokmål, er også ei stor utfordring.