– Elevane vart tryggare på nynorsk, seier lærar Unni Kjelleberg Solli om eit undervisingsopplegg basert på NRK-serien Rykter. Ho er ei av mange som har sett pris på dette opplegget frå Nynorsksenteret.
Snøen smeltar, vegane er berre og fuglane kvitrar nøgde medan dei flyg frå tre til tre og samlar kvist til nye reir. Endeleg er våren her, og naturen kallar på liten og stor! Her følger tips og idéar til korleis ein kan arbeide tverrfagleg med naturen som språkarena.
Har du lyst til å arbeide med tekstane til Jon Fosse i klasserommet? Vi har laga ei samleside med utvalde tekstar, opplesingar og framføringar. Her finn du også Nobelforedraget både som tekst og TV-sending. Nynorsksenteret har laga fleire undervisningsopplegg som du får oversikt over på denne sida.
Idet du les over elevteksten, oppdagar du det med ein gong. Teksten er full av feilskrivne ord som verken eksisterer i nynorsk- eller bokmålsordboka, men som eleven har funne opp sjølv. Korleis gje framovermelding til ein elev som har openberre språklege utfordringar når det kjem til å skrive nynorsk? Fortvil ikkje. Her kjem nokre tips og grunngjevingar du kan bruke til å motivere eleven til vidare innsats.
Det er mange krav når flyktningar går mot grunnskuleeksamen i vaksenopplæringa. Kva kan kunst- og uttrykksmetodar gjere for nynorskopplæring og livsmeistring i ein slik situasjon?
Det må setjast inn tiltak for at lærarstudentar skal få den nynorskkompetansen dei treng i yrket sitt. Det slår ein ny rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane fast. Nynorsksenteret har utarbeidd rapporten på oppdrag frå Språkrådet. Han viser mellom anna at studentar som ikkje har norsk i fagkrinsen, ikkje får vurdert nynorskkompetansen sin gjennom utdanninga si, med nokre få unntak. Det går utover elevane si opplæring i og på nynorsk.