Desse bøkene eller utdrag frå dei er tilgjengelege for gratis strøyming heilt fram til sommaren. I Bok på 1-2-3 finn du tverrfaglege undervisningsopplegg til desse og fleire andre gode, nynorske bøker.
Skal alle elevar, både dei som har nynorsk som hovudmål, og dei som har det som sidemål, bli stødige språkbrukarar, er det heilt naudsynt med kompetente lærarar som kan støtte elevane i eiga språkutvikling.
Mange samlingsstunder er etter ein mal som barnehagen har nytta lenge. Ofte fungerer det godt, og borna likar godt det føreseielege og trygge. Likevel kan det vere inspirerande og fornyande å prøve noko nytt, også når det gjeld samlingsstunda i barnehagen. Til dømes kan det å ta utgangspunkt i ei bok og kople på andre element som passar til temaet, vere ein god start.
I slutten av oktober kom Hjalmar Eiksund, Gudrun Kløve Juuhl og Kristin Kibsgaard Sjøhelle ut med boka Nynorskdidaktikk. Målgruppa for boka er lærarstudentar og lærarar som underviser i eller på nynorsk.
André Hadland, også kjent som Son of Light, N-Light-N og Lyset, er ein norsk rappar som brenn og lyser for poesi, ungdom og språk. I denne teksten skildrar Hadland kvifor han meiner litteratur og poesi er så viktig for ungdom.
Å skrive raskt og rett på tastatur er ein kompetanse elevane treng både i skulen og på fritida. For elevar som transkriberer flytande, går sjølve nedskrivinga så å seie automatisk. Elevane kan då ha overskot til å rette merksemda si mot andre faktorar i skriveprosessen.
Bok på 1-2-3 er ei satsing hos Nynorsksenteret der 1.–4. og 5.–7. trinnet får tverrfaglege undervisningsopplegg til gode nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede og utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ute til gratis strøyming.