Læreplanane for norskfaget slår fast at elevane skal ha kunnskapar om grammatikk og kunne bruke desse kunnskapane i arbeid med tekst. Dei skal også kunne samanlikne norsk, både bokmål og nynorsk, med andre språk. Særleg er dansk, svensk og norrønt nemnt, men dei kan sjølvsagt også samanlikne med talemål, engelsk eller andre språk som kan vere aktuelle. Kva må ein ha av kunnskapar og ferdigheiter for å kunne få dette til?
29.09.2021