Nynorskelevane har i dag ein digital skulekvardag som er heilt dominert av skjermtekstar på bokmål. Ei kraftig kursendring må til for å sikre dei språklege rettane til desse elevane. Den viktigaste reiskapen for å snu denne utviklinga er ei skjerpa opplæringslov.
Den nye opplæringslova kjem til å ha mykje å seie for korleis kvardagen til elevar med nynorsk som hovudmål vert. Her kan de lese høyringssvaret som Nynorsksenteret no har levert til utkastet til ny opplæringslov.
Når vi leikar med teater gjennom tekstar med born, legg vi til rette for felles improvisasjon og utforsking. Saman kan vi leike fram ei teaterprega framstilling av teksten. Korleis og kvifor kan vi nytte nynorsk barnelitteratur i teaterleik med born?
Korleis kan levande bilete, tekstutdrag og musikk formidle ei forteljing? Dette spørsmålet tek hundrevis av elevar stilling til gjennom Nynorsksenteret sitt prosjekt «Tekstskaping på Instagram».
Ida Marie Jegteberg har nyleg granska praksisen i nynorskundervisninga og planane til lærarutdanningsinstitusjonane. Studien har avdekt at det blir gjort forsøk på å sikre studentane sin nynorskkompetanse, men at det i mange tilfelle ikkje lukkast.
Tekstsamlingane i nynorskelevane sine læreverk i norsk i ungdomsskulen har mange fleire tekstar på bokmål enn på nynorsk. Bokmål dominerer også i tekstane desse elevane les i norskfaget på 10. trinn. Dette kan vere uheldig for språklæringa til elevar med nynorsk som hovudmål.