• Blogg

Blogg og nyhende

Jon Fosse 4 Foto Agnete Brun

Ulike ressursar om Jon Fosses dikting

Har du lyst til å arbeide med tekstane til Jon Fosse i klasserommet? Vi har laga ei samleside med utvalde tekstar, opplesingar og framføringar. Her finn du også Nobelforedraget både som tekst og TV-sending. Nynorsksenteret har laga fleire undervisningsopplegg som du får oversikt over på denne sida.

10.01.2024

Illustrasjonsbilete Nynorskkompetanse på veg

Nynorskkompetane på veg!

Idet du les over elevteksten, oppdagar du det med ein gong. Teksten er full av feilskrivne ord som verken eksisterer i nynorsk- eller bokmålsordboka, men som eleven har funne opp sjølv. Korleis gje framovermelding til ein elev som har openberre språklege utfordringar når det kjem til å skrive nynorsk? Fortvil ikkje. Her kjem nokre tips og grunngjevingar du kan bruke til å motivere eleven til vidare innsats.

09.01.2024

Ida og Synnøve beskjært bilete komprimert til nettside

Små krav og store skilnader i lærarutdanninga

Det må setjast inn tiltak for at lærarstudentar skal få den nynorskkompetansen dei treng i yrket sitt. Det slår ein ny rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane fast. Nynorsksenteret har utarbeidd rapporten på oppdrag frå Språkrådet. Han viser mellom anna at studentar som ikkje har norsk i fagkrinsen, ikkje får vurdert nynorskkompetansen sin gjennom utdanninga si, med nokre få unntak. Det går utover elevane si opplæring i og på nynorsk.

30.11.2023

2015 12 24 Hollidays By David Revoy

Juletips

Sidan det snart er jul, har me samla eit utval tips om nynorske bøker, songar og teikneseriar som handlar om jula.

30.11.2023

Vegard Markhus utsnitt til nettside

Barnas ven i tonar, tekst og teikning

Han syng og spelar gitar, teiknar og skriv, reiser rundt og underheld barn, og innimellom er han også innom lærarjobben sin. Vegard Markhus er forfattar og illustratør, med ein tydeleg strek og ein særprega absurd humor.

20.11.2023

Gruppe Etterstad1 til nettside

På leiting etter ord, alvor og leik

Den kulturelle skulesekken (DKS Oslo), to kunstnarar, fire dikt, to instrument og 90 minutt med «medvandring» var det som skulle til for at alle i ei klasse på vidaregåande skule vart både forfattarar og scenekunstnarar.

30.10.2023

Emilie Johansen til nettside kvadratisk

Fornya nynorskopplæringa

Ungdomsskolen WANG Ung Oslo har fornya nynorskopplæringa si etter eit samarbeid med Nynorsksenteret. Norsklektor Emilie Johansen fortel om erfaringane deira.

17.10.2023

Leik Ei Bok

Ny film: Skriftspråkstimulering i barnehagen

Vi har laga ein ny film om korleis ein kan arbeide med skriftspråkstimulering i barnehagen. Filmen er fin å bruke i personalmøte, som inspirasjon eller utgangspunkt for samtale.

12.10.2023