Sjekk skriveprogramma!
08.07.2024
No er det eit lovkrav at alle norske skular skal nytta skriveprogram som støttar både nynorsk og bokmål.
Tekst: Arild Torvund Olsen
Foto: Ingvild Myklebust Hovden
Den nye opplæringslova slår endeleg fast at alle elevar har krav på å få den same tekststøtta uavhengig av om dei skriv nynorsk eller bokmål. Det tyder at skular og skuleeigarar no er pliktige til å sjå til at skriveprogramma skulen nyttar, har tekststøtte, rettefunksjonar og liknande på både nynorsk og bokmål. «Skriveprogram» tyder alle former for læringsverktøy og tekstbehandlingsprogram som har slik tekststøtte. Her er ei lita hugseliste med kva de bør gjera før skulestart:
1 Set nynorsk som føretrekt språk
Gå inn i innstillingane i operativsystemet til elevane og set nynorsk som føretrekt språk, slik at dei får nynorsk på dei nettsidene og programma som tilbyr det.
2 Sjekk at alle skriveprogramma har nynorsk skrivestøtte
Sjå til at alle skriveprogramma har nynorsk skrivestøtte, slik opplæringslova krev. Hugs å velja nynorsk i innstillingane i programma.
3 Vel nynorsk tastatur/inndataspråk
Dersom du vel bokmålstastatur, trur stavekontrollen at du skriv bokmål.