Å lage reklame på nynorsk

Tekst: Kristin Kibsgaard Sjøhelle

Ein måte å opne nynorskauga til elevar på er å la nynorsken dukke opp på stader du elles ikkje møter han. Reklamar er vanlegvis ein sjanger med få nynorske føredøme. Nynorsksenteret har likevel samla nokre døme på nynorske reklamar, og desse kan vere greie å vise til i førearbeidet. Gode døme kan vere bokstavkjeksreklamen til Sætre kjeks eller playmoreklamen til www.ruteinfo.net. Begge bruker nynorsk – av ulike grunnar. Eitt av måla med dette undervisningstipset kan vere å gjere elevane merksame på at val av skriftspråk kan vere eit verkemiddel i reklameproduksjonen.

Reklame Battery
Reklame laga av skuleelevar.

Oppstart og klassesamtale

Ta til med ein klassesamtale om kva som kjenneteiknar ein god reklame, og om nynorsk i utgangspunktet har noko i reklame å gjere. Gå deretter igjennom nokre kjende reklamar og diskuter saman med elevane kva verkemiddel som er i bruk ved kvart av dei. Til dømes bruk av fargar, tekstplassering, tema for reklamen, reklamemotto, humor, ulike poetiske verkemiddel som rim, rytme og litterære sitat, gjenbruk av kjende bilete og ulike påstandar som «dette produktet gir deg sjølvtillit». I samarbeid med elevane kan de bli einige om ei liste med kriterium over kva som bør vere med i ein god reklame.

Døme:

Reklameproduksjon

Elevreklame Gilette
Reklame laga av skuleelevar.

Elevane får så i oppgåve å lage ein eigen reklame med utgangspunkt i eit bilete frå kunsthistoria. Aktuelle bilete kan dei til dømes finne i samlinga til The Met, som har tusenvis av kunstverk liggjande ute til fri bruk. Elevane vel sjølve kva produkt dei skal lage reklame for.

No skal reklameteksten ferdigstillast. Han skal skrivast på nynorsk og følgje dei kriteria som klassa vart einige om timen i førevegen.

Gode språklege hjelpemiddel i arbeidet:

Den ferdige reklamen sender så elevane over til læraren, som klargjer resultata for vising på storskjerm.

Presentasjon og elevvurdering

I siste del av arbeidsperioden presenterer elevane reklamane for kvarandre. Det kan vere nyttig å la elevane evaluere kvarandre med utgangspunkt i kriterium ein er einige om på førehand. Ein god strategi er å la elevane konsentrere seg om kva dei andre har fått til. Kritikk bør ein sjeldan ta i plenum.

Å få reklamen sin blåst opp i storformat på skjermen og vurdert av andre opp mot allment godkjende kriterium er både viktig og motiverande. Elevane får presentert og vurdert arbeidet for resten av klassa.