Følgje med ein person i boka

Den Andre Søstera

Før ein begynner å lese, kan elevane få tildelt kvar sin person i romanen. Eleven skal følgje med vedkommande og notere seg kva personen seier og gjer, og kva som blir sagt om vedkommande. Elevane skal danne seg eit inntrykk av romankarakteren på bakgrunn av dei opplysningane ein får. Desse romanane har ein tydeleg hovudperson, og nokre bipersonar som enten har ei lita rolle eller som blir omtalte. Fleire elevar kan følgje den same personen.

Dette kan elevane presentere i ei munnleg framføring. Elevar som har personar i den same boka, fortel etter tur om sin person. Elevane kan stå på rekke, eller sitje på kvar sin stol. Om ein står/sit med ryggen til, kan elevane snu seg etter tur og fortelje om sin person.

Ei anna oppgåve er at to og to elevar bruker det dei veit om personen sin til å lage ein dialog mellom desse to personane. Det kan godt vere mellom to bipersonar, og dialogen kan vere skriftleg eller munnleg.

Her finn du lister med personane i dei ulike bøkene:

Den tolvte spelaren

  • Kevin Borgen
  • Kåre Hansen
  • Egil
  • trenaren
  • mamma og pappa
  • Ronny
  • lærar Foss
  • Torill og Janne
  • vaktmeisteren
  • Kahn

Død eller levande

  • Simon
  • Katrin
  • Irma
  • Frans Marker
  • mamma
  • Nihil
  • Angela Marker
  • Jol Holstein
  • Edvart Holstein
  • Karl
  • Tanser

Den andre søstera

  • Selma
  • Ida
  • mamma
  • Anna
  • lærar Karina
  • mannen i treningsbukse

Den svartkledde jenta

  • Hanna
  • Jonas
  • Leo Krossen
  • Bettina
  • Fru Iversen

Mareritt

  • Mattias
  • Mia
  • mamma
  • Ea
  • Julian
  • Inger Heimdal

Eg har venta på deg

  • Simon
  • Sofie
  • Mamma
  • Samson
  • Den svarte enka

Bergtatt

  • Leo
  • Lilly
  • Oskar
  • Jora

Skallen

  • Erik
  • Ben