Spørsmål ein kan arbeide med munnleg eller skriftleg, aleine eller saman

  1. Korleis vil du skildre hovudpersonen i romanen?
  2. Kva er den viktigaste utfordringa hovudpersonen har?
  3. Kva er det som representerer det overnaturlege i historia?
  4. Hovudpersonen har kontakt med nokon som er døde. Korleis blir denne kontakten framstilt?
  5. Hovudpersonen opplever gjerne sterkare sanseinntrykk (lukt, syn, lyd) enn andre ungdommar. Korleis fungerer det?
  6. Romanane har gjerne ein farleg/skummel stad ein bør halde seg unna. Kvifor?
  7. Kva er det som skaper spenning i forteljinga?
  8. Historia har eit «point of no return», der hovudpersonen ikkje kan trekke seg unna, men må gå inn i situasjonen for fullt. Kvar er dette punktet i den romanen du har lese?