Heile novellesamlinga

Bengle

Bengle er ikkje hovudperson i nokon av novellene, men ein gjenomgåande karakter i heile boka. Les utdrag der Bengle er med i alle dei fem novellene. Kva veit vi no om Bengle?  Bruk dette skjemaet: Personanalyse av Bengle (PDF)

Titlar og opningstekstar

Titlar og opningstekstar (PDF)

  • Les utdraga og skriv refleksjonsnotat: Kva for tittel liker du best? Kvifor? Kva for start liker du best? Kvifor?
  • Gå saman i 4-gruppe. Del tankane dine med dei andre. Diskuter dykk fram til gruppa sin favorittittel og favorittstart. Bli einige om grunngjeving.
  • Del svara frå gruppa med dei andre i klassen.

Samanheng mellom novellene

Karakterane i boka kjem att i fleire av novellene. Somme stader berre så vidt nemnde, medan andre gonger speler dei ei større eller mindre rolle i handlinga. Klarer vi å sjå korleis det heile heng saman? Bruk dette skjemaet: Karakterar i boka (PDF)

Kva synest du om at forteljingane går inn i kvarandre på denne måten? Diskuter to og to.

«Fasit» til karakterskjemaet (PDF)

Småskriving

Ein god idé er å stoppe opp og ha småskriving undervegs i lesinga (5 min). Då skal elevane skrive ned tankar kring det vi har lese.

 Her er nokre framlegg til slik småskriving:

  • Synspunkt på korleis mora til Anders oppførte seg mot han.
  • Kvifor Ulla valde å gå ut i elva.
  • Kva for plass Bengle eigentleg har i lokalsamfunnet.
  • Kvifor Karl ikkje greip inn då broren fall.
  • Kvifor Tobiassen kom for å besøke Anders.
  • Kven dei kjente seg best att i av personane i boka.
  • Kva det tyder at Tuva og mannen ho møter, er rømlingar.

Leselogg

Heilt til slutt skriv elevane ein kort leselogg der dei skal:

  • presentere boka og forfattaren og seie kva dei tykkjer om boka sett under eitt
  • velje ei av novellene og skrive eit kort handlingsreferat, presentere hovudpersonen (-ane), forklare kva dei meiner er tema og bodskap. Til slutt skal dei skrive litt om kvifor dei liker eller ikkje liker novella.