Podkast – gje elevane lytteoppgåver
Podkastane som ligg på nynorskbok.no, er fine å bruke til å introdusere eit tema, eller som utgangspunkt for ein skriftleg og munnleg refleksjon hjå elevane. Kva det vil seie å lytte aktivt, og kva slags læringsstrategiar ein kan ta i bruk når ein lyttar, er nyttige spørsmål å stille klassa når du førebur ein lyttetime.
Kvifor bruke tid på å lytte til podkast i timen?
- Å lytte og skape meining gjennom det ein høyrer, er ein sentral del av munnleg kommunikasjon og læring. Elevane treng å øve seg på å lytte og å reflektere munnleg og skriftleg over det dei har lytta til.
- Ei viktig målsetting i norskfaget er å reflektere kring ulike emne og tema. Å lytte til at andre snakkar, kan gje elevane gode døme på kva det vil seie å reflektere, og det løftar fram samtalen som ein sentral munnleg sjanger.
- Podkast er ein munnleg teksttype som elevane treng å få modellert. Å lage podkast gjer elevane til aktive produsentar av fagleg innhald, og er ein mykje brukt sjanger i skulen. Difor er det så viktig at det også vert sett av tid til å lytte til podkastar, ikkje berre produsere dei.