Desmond Tutu
I dette undervisningsopplegget kan elevane bli nærare kjende med den verdskjende kyrkjeleiaren og menneskerettsforkjemparen Desmond Tutu. Dei får nærlese ein faktatekst, diskutere/reflektere og arbeide kontrastivt (samanliknande) med språk.
Undervisningsopplegget dekkjer formål i nynorsk, samfunnsfag og engelsk for 8.–10. trinnet, vaksenopplæringa og vidaregåande opplæring. Som lærar tilpassar du opplegget til elevane dine. Opplegget kan nyttast i heilskap eller delvis i fysisk og digital undervisning.
Tid: 90 minutt (+/-)
Her er ein PP-presentasjon som kan brukast direkte i digital undervising: Desmond Tutu (pptx)
Tema
- Nynorskdidaktikk og opplæring med vekt på ordklassen substantiv og kontrastiv undervisning
- Desmond Tutu
- Menneskerettar
- Demokrati
Læraren tilpassar og forklarer omgrep og anna til målgruppa.
Nyttige verktøy
- https://ordbokene.no/
- https://snl.no/
- Språkrådet si øvingsside for substantiv: http://elevrom.sprakradet.no/skolen/ovingar
- Nynorsksenteret, ordklassar – substantiv: https://nynorsksenteret.no/uploads/documents/Substantiv.pdf
Kopling til læreplanen og berekraftsmål
Vi finn støtte for opplegget i LK 2020 i faga norsk, samfunnsfag og engelsk, og i dei tverrfaglege temaa. Opplegget tek også opp tema som går inn i mål nummer 16 i FNs berekraftsmål; «å fremje fred, rettferd og velfungerande institusjonar».
Kontrastiv undervisning har som mål at eleven skal oppnå funksjonell kompetanse i to eller fleire språk. Kontrastiv undervisning baserer seg på å bruke kunnskapen elevane har om eitt språk, for å setje lys på og vidareutvikle kunnskap om det andre språket.
Innleiing
Start med å sjå nyhendeinnslaget frå NRK som handlar om at Desmond Tutu døydde i desember 2021: https://tv.nrk.no/serie/nyheter/202112/NNFA41063721/avspiller
Nøkkelomgrep:
Kva veit elevane om desse nøkkelomgrepa? Samtal i klassen.
- Apartheid: (frå afrikaans «å skilje frå, å halde kvar for seg») var namnet på den rasediskriminerande ideologien og lovverket som det regjerande Nasjonalistpartiet nytta for å forsvare det kvite herredømet i Sør-Afrika.
- Menneskerettar: dei rettane og fridomane kvart menneske har i kraft av å vere menneske. Desse rettane er uavhengige av for eksempel kjønn, klasse eller etnisitet. Menneskerettane løftar fram grunnleggande verdiar som likskap, fridom og sjølvverd og vert sett på som sentrale for å sikre fred.
Les teksten og bruk kontrastiv læring
Les teksten «Fredsarbeidaren Desmond Tutu» høgt i klassen eller i læringspar. Skriv opp ordforklaringar med tydinga til dei utheva substantiva. Finn ut kva artikkel (ein, ei eller eit) substantiva skal ha. Arbeid kontrastivt og skriv opp kva orda heiter på bokmål, dialekt, engelsk og andre første- og andrespråk som er i klassen. De kan nytte dette skjemaet som struktur til oppgåva.
Fredsarbeidaren Desmond Tutu
Desmond Tutu var frå Sør-Afrika. Han blei fødd i 1931 og døydde i 2021. Tutu fekk røynsle og utdanning innanfor teologi og fekk med tida ei rekke viktige verv og posisjonar for å fremje fred og menneskerettar. Han var leiar i kyrkja og kjempa for menneskerettane i Sør-Afrika. Han fekk Nobels fredspris i 1984 for ikkjevaldeleg kamp mot apartheid.
Etter frigjeringsvalet i 1994 fungerte han som ein moralsk rettleiar. Han åtvara mot korrupsjon og misbruk av makt. Tutu etablerte omgrepet «regnbogenasjonen» som ytra visjonen om at alle folkegrupper i Sør-Afrika skal leve fredeleg saman. Han vert hugsa for sitt store alvor og sitt strålande humør, og si evne til relasjonsbygging.
Forslag til oppgåver knytte til innhaldet i teksten
Her kan klassen arbeide i læringspar eller gruppe før ein løftar fram svara og drøftingane i fellesskap. Hugs god struktur og orden, fysisk eller digitalt.
- Svar i heil setning: Kva er Desmond Tutu mest kjent for?
- Svar i heil setning: Korleis vil du beskrive Desmond Tutu ut frå informasjonen du får?
- I læringspar: Søk på internett og finn ordtak av Desmond Tutu. Mange av dei er på engelsk. Omsett dei til nynorsk. Forsøk om de kan finne ord og ei setningsoppbygging som kjennest god i munnen, har flyt og ei kjensle av rytme. Den nynorske skrivemåten er gjerne i bestemt form, nær og konkret.
- Les: Gjer deg kjent med Den internasjonale fråsegna om menneskerettane.
- Drøft og skriv stikkord: Finn argument for at antirasisme er menneskerettar.
- Munnleg og skriftleg: Definer omgrepa demokrati, medborgarskap og kritisk tenking.
- Drøft og skriv stikkord: Kva vil det seie at demokratiske verdiar kan vere ei motvekt til fordommar og diskriminering?
- Drøft og skriv stikkord: Kva må ligge til grunn for at vi kan oppnå demokrati?
- Refleksjon:
- Skriv ned ulike stader der du kjenner (gruppe)tilhøyrsle. Det kan til dømes vere knytt til idrett, familie, hobbyar, musikkfellesskap og livssyn.
- Samanlikn med læringspartnaren eller gruppa di. Finn de nokon felles stader de kjenner tilhøyrsle?
- Spør: Trur du at å kjenne tilhøyrsle fleire stader gjer at vi «mistar farge» og vert «blanda ut», eller gjer det oss fargerike og mangfaldige? Eller begge delar?
- Spør: Kan ein kjenne seg låst fast i tilhøyrsle? Korleis kan det kjennast?
- Kva fordelar og ulemper er det at ein kjenner tilhøyrsle i ei gruppe?
- Drøft og definer: Kva er fordommar?
Tilleggsressurs:
Boktips:
- Anders Totland: Den norske slavehandelen
- Claudia Rankine: Medborgar
- Camara Lundestad Joof: Eg snakkar om det heile tida
- Sumaya Jirde Ali: Ikkje ver redd sånne som meg
- Juuhl, G. K., Eiksund, H. & Sjøhelle, K. K. (2022): Nynorskdidaktikk. Det Norske Samlaget, Oslo.
- Lie, Svein (2011): Kontrastiv grammatikk – med norsk i sentrum. Novus, Oslo.
Kjelder:
- Store Norske Leksikon: Desmond Tutu
- Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme