Punkaren som vart meisterkokk

Folkehelse og livsmeistring er tema for denne tverrfaglege ressursen i samfunnsfag, mat og helse og norsk. Elevane får lese eit portrettintervju med Christopher Haatuft som tidlegare levde i eit punkmiljø. I dag arbeider han som meisterkokk og driv tre populære restaurantar i Bergen.

Portrettet av Haatuft kan vere med på å inspirere elevane til å ha trua på eigne evner og at mogelegheitene ligg opne for dei som torer å prøve. Haatuft kan også vere eit førebilete for elevar som kanskje ikkje kjenner seg heilt heime i dei konvensjonane og rammene som skulen tradisjonelt representerer.

I ressursen får elevane lese ein lang, nynorsk tekst. Dei skal også arbeide med å omsetje ein tekst Christopher Haatuft har skrive, frå bokmål til nynorsk. I oppgåva jobbar ein med nokre kjenneteikn i nynorsk språkføring, til dømes samsvarsbøying og aktiv form.

Elevane skal også få prøve seg som matskribentar sjølve. Dei får lese nokre døme på nynorske matbloggar, og dei skal prøve å finne si eiga stemme som matskribentar. Tekstane kan ein samle i ein felles matblogg eller ei felles kokebok for klassen.