Lag ein reklame eller haldningskampanje

Reklame Nokia Fiksa
Reklame laga av skuleelevar.

Her er nokre spørsmål du bør tenke over når du skal lage ein reklame/haldningskampanje sjølv:

  • Kva slags produkt ønskjer du å selje / kva verdiar eller idear ønskjer du å overtyde om?
  • Kven er målgruppa for produktet / kven vil du overtyde?
  • Kva kanal eller medium vil du bruke? (avis, facebook, magasin, flygeblad, plakat)
  • Kva fordelar har produktet?
  • Kva argument vil du bruke?
  • Korleis vil du skape interesse?
  • Kva blikkfang vil du bruke?
  • Korleis skal du fordele bruken av bilde og tekst?
    • Kva slag bilde vil du bruke?
    • Kor mykje og kva slag tekst vil du ha med?
  • Kva verkemiddel vil du bruke i reklamen/kampanjen? Humor? Slagord? Fargar?
  • Korleis vil du grunngje dei vala du har gjort? Er det god heilskap og samanheng i reklamen din?
  • Lag ein plan for korleis du skal produsere den reklamen/kampanjen du har planlagt.

Gode språklege hjelpemiddel i arbeidet: