5 tips til nynorskundervisning

Mg 0670 Stort

Nynorskundervisninga i den vidaregåande skulen har ofte vore knytt til enkelte norskfaglege emne meir enn andre. Temaa har ofte vore grammatikkundervisning, dialektlære, språkhistorie og lyrikk. Men nynorsk kan brukast i alle emne og i alle fag, og vi treng eit auka medvit om å bruke nynorsk  i det daglege, t.d. på tavla og på læringsplattforma.  

  1. Les mykje og bruk nynorske tekstar
    Gjennom ein skuledag les elevar langt fleire bokmålstekstar enn nynorsktekstar, både på nett og i læremidla. Nynorske tekstar må derfor brukast oftare i undervisninga for å gje elevane språklege føredøme på nynorsk og gjere dei fortrulege med nynorsk som skriftspråk – ikkje berre skjønnlitterære tekstar, men også sakprosatekstar. La elevane få sjå at nynorsk er eit språk som kan og vert nytta i alle slag tekstar.
  2. Skriv ofte og kort
    La elevane skrive korte tekstar på nynorsk med jamne mellomrom gjennom alle dei tre åra på vidaregåande. Dei korte tekstane kan gjerne skrivast i løpet av ein skuletime, og kan innby til mange gode samarbeidsformer. Det går fortare for læraren å rette korte tekstar, og ein treng ikkje rette alt alltid. Læraren kan gje attendemelding på ulike sider ved teksten frå gong til gong, til dømes verbbruk, substantiv, sjangerforståing o.a.. Elevane treng mengdetrening, og slikt arbeid fremjar djupnelæring innanfor rettskriving, samtidig som elevane får prøve ut ulike sjangrar og får trening i kortsvar. 
  3. Snakk om språk
    Skap eit miljø i klasserommet der det er rom og tradisjon for å snakke saman om språk. Då kan vi få språkleg medvitne elevar som undrar seg og reflekterer over det dei les og skriv.
  4. Varier skrivemetodikken
    Elevane bør jobbe med ulike former for skrivemetodikk, til dømes gode mønstertekstar. I arbeidet med nynorsk treng dei skriverammer, både med tanke på sakprosatekstar og dei kreative tekstane. Måten ein formulerer oppgåvene på, kan vere avgjerande for korleis elevane skriv.
  5. Lær elevane å gje tilbakemelding til kvarandre
    Hjelp elevane med å utvikle gode tilbakemeldingspraksisar på arbeid andre elevar gjer. Dei treng å verte merksame på at dei sjølve kan verte betre i nynorsk ved å hjelpe medelevane sine og diskutere tekstar dei skriv. Det kan også vere lurt å la elevane skrive tekstar saman.