Frasar til bruk i resonnerande/drøftande fagtekstar
Det er naudsynt å kunna meir enn berre grammatikk når du skal læra å skriva eit språk. Ved å ta utgangspunkt i ferdige frasar kan du få ei kjensle av ordleggingstradisjonane i språket. Her har me samla ein del nynorske frasar til bruk i resonnerande/drøftande fagtekstar.
Arild Torvund Olsen

1. Innleiing/opning
Introduksjon av problemstillinga/temaet:
- Det har lenge vore slik at ...
- I boka/teksten/artikkelen K hevdar X at ...
- I boka/teksten/artikkelen K dreg X fram korleis ...
- I det siste har me sett at ...
- A er eit perspektiv/ein synsmåte som har vore ganske fråverande i den matematiske/samfunnsvitskaplege/humanistiske/europeiske/nyare litteraturen/forskinga.
- Det finst mange døme på A, til dømes (i) K...
Kva du skal gjera:
- I denne teksten ... ; Ved å samanlikna tekstane/framstillingane/synsmåtane/synsstadane til X og Y ... ; Med utgangspunkt i teksten til Y ... ; Ved å sjå K i samanheng med det rådande synet på B ...
- ... vil eg drøfta om det verkeleg er slik at ... ; ... vil eg sjå på ... ; ... ynskjer eg å peika på korleis synet på B har endra seg ; ... vil eg visa at synet på B er tufta på ... ; ... vil eg syna at B heng saman med ... ; ... vil eg få fram at ... ; ... er det eit mål å ... ; ... vil eg prova at ... ; ... rettar eg søkjeljoset mot ...
- Eg meiner at synet i K framleis held mål, og det skal eg no freista prova.
- Framstillinga i K held diverre ikkje mål, og nokre av grunnane til det skal eg syna i denne gjennomgangen.
Kva rekkjefølgd du skal gjera det i:
- Fyrst vil eg ta føre meg ... ; I byrjinga av teksten vil eg sjå på ... ; Eg vil innleia/opna med å ...
- Deretter vil eg ... ; Dinest/dernest kjem eg til å ... ; Så skal eg ...
- Som ei avslutning vil eg ... ; Til sist skal eg ... ; Mot slutten vil eg ...
2. Hovuddel
Samanbindingsfrasar:
- Jamvel om ... / Endå (om) ... / Trass i at ...
- Jamvel ... / Til og med ...
- I hovudsak har ...
- I alle fall/iallfall ser me at ...
- Med andre ord: ...
- På eit vis er det ...
- Likevel ... / Like fullt ... / Kor som er ...
- Samstundes er ...
- På det viset er ...
- I og med at ... / På grunn av at ...
Presentera synet ditt:
- Slik eg ser det, så ...
- Eg vil hevda at ...
- Eg meiner/tykkjer at ...
- Til liks med X meiner eg at ...
- I motsetnad til X meiner eg at ...
Underbyggja argumenta du nyttar:
- Slik kan me sjå at ...
- Her ser me korleis ...
- Eg vil prova dette ved å sitera X, som i K skriv at ...
- Som me såg i K, så er det slik at ...
- Eit prov for B finn me i K, der X syner at ...
- Etter det X skriv, så ...
- Med grunnlag i det Y skriv, kan me slå fast at ...
- K og L gjev meir enn godt nok grunnlag til å hevda at ...
- K syner (oss) at ...
- Dersom K er rett/stemmer, så kan me slutta at ...
- Av di K er B, kan me trygt konkludera med at ...
Vurdering av argumenta og argumentgrunnlaget til dei/det du skriv om:
- Alle desse argumenta tek utgangspunkt i ...
- Argumenta/oppfatningane til X er nært knytte til synsstaden hans/hennar
- Me kan seia at argumenta i K er ei form for B.
- I teksten tek X det for gjeve at ...
- Ingen av dei nemnde argumenta held mål dersom me legg føresetnadene i K til grunn ...
- Gjeve at B stemmer, så ...
- X kjem ikkje med noko prov for påstandane i teksten
- X underbyggjer ikkje det han/ho skriv
- Argumenta til X er godt underbygde/prova
- (Funna i) K stør ikkje argumentet X kjem med om at ...
- På eit/mange vis er K slik at ...
Samanlikna tekstar/argument/meiningar:
- Korkje X eller Y ...
- Båe tekstane/skribentane/forfattarane/syna ...
- Både X og Y ...
- Medan X tek utgangspunkt i A, byggjer Y på B
- Me/ein kan seia at X ser på / legg vekt på / ynskjer A, medan Y ser på / legg vekt på / ynskjer B
- K liknar på L med omsyn til synet på A
- K og L har sams syn på A
- Skilnaden mellom K og L er at ...
- Skilnaden/likskapen mellom K og L er tydeleg i måten dei skriv om B på. Han kjem òg til syne i ... (Du syner attende til hankjønnsord som «skilnaden» og «likskapen» ved å skriva «han». Ikkje skriv «den». Tilsvarande skal du syna attende til hokjønnsord med «ho» og til inkjekjønnsord med «det».)
- På den eine sida ser me/kan me hevda at ... På den andre sida ...
3. Avslutning
- Som me har sett, så ...
- Eg har no peikt på korleis X ...
- I opninga drog eg fram korleis X ...
- Me kan konkludera/oppsummera/avrunda med å seia at ...
- Ut frå det me har sett i denne gjennomgangen/samanlikninga/drøftinga, kan me slutta at ...
- I denne teksten/artikkelen/drøftinga har eg freista seia noko om ...