Skriving med utgangspunkt i tekstar av Elena Ferrante

Elena Ferrante er ein av dei mest anerkjende og bestseljande forfattarane i vår tid, og ho er særleg kjend for Napoli-kvartetten. Ei av verdas største aviser, The Guardian, gav henne eit spennande oppdrag: å skrive ei fast helgespalte gjennom eit heilt år. Ferrante skriv personleg og jordnært om røynda vi lever i. Utdrag frå boka finn du her:

I denne ressursen finn du oppgåver til utdraget.

Oppgåver til teksten «Samanstøytar (forord)» (side 9)

Teksten «Samanstøytar» handlar om bakgrunnen for tekstane i boka «Eit år med Elena Ferrante». Her fortel forfattaren om rammene for tekstane i boka og korleis ho har arbeidd når ho har skrive. Ho fortel også om kva som skil denne arbeidsmåten frå slik ho skriv til vanleg.

La elevane lese teksten «Samanstøytar».

Når dei har lese teksten, kan de arbeide med ei eller fleire av oppgåvene.

Svar på oppgåver (15–30 minutt):

  • Kva for nokre rammer har forfattaren hatt i dette prosjektet?
  • Korleis har forfattaren arbeidd med tekstane i denne boka?
  • Forfattaren skildrar korleis ho vanlegvis arbeider med ein tekst og korleis ho har arbeidd med tekstane til denne boka. Kva er skilnadane mellom måten ho har arbeidd på, no samanlikna med korleis ho arbeider til vanleg når ho skriv?
  • Forfattaren har kalla denne teksten «Samanstøytar». Kvifor det, trur du?
  • Korleis arbeider du når du skriv?
  • Kva for nokre samanstøytar blir tekstane du skriv i skulen, til i?

Større skriveoppgåve (30 minutt til 3 timar)

Les teksten «Samanstøytar (forord)» av Elena Ferrante og Anders Waage Nilsen sitt «forfattarmanifest» «Derfor skriver jeg». Kristina Leganger Iversen har også skrive eit slikt manifest.

I desse tekstane reflekterer forfattarane over kva som er årsakene til at dei skriv, og korleis dei arbeider med skriving.

Be elevane skrive eit essay eller ein resonnerande tekst der dei tek utgangspunkt i tekstane til Elena Ferrante og Anders Waage Nilsen. (Elevar som treng ei ekstra utfordring, kan godt ta med teksten til Kristina Leganger Iversen også.)

Kva for nokre likskapar finn du mellom grunnane deira for å skrive og måtane deira å skape tekst på? Kva for nokre skilnader finn du? Reflekter deretter over korleis du sjølv arbeider med tekst: Kvifor skriv du, og korleis arbeider du når du skriv?

Kreativ skriveoppgåve (30 minutt til ein time)

Plukk ut ord, formuleringar og setningar frå teksten «Samanstøytar» og lag eit dikt om korleis tekstane i boka/denne boka har blitt til. Vel overskrift til diktet sjølv

Døme:

Ei ny øving

Van med sjølv å
leite fram ei historie
Karakterar
Resonnement
Stort sett er det eit slit
Stryk mykje

Men
spørsmål
frå ein meir enn tolmodig redaksjon
fjerna det overflødige.
Prosessen var minimal
Eg leita i minnet
Henta fram erfaringar
Synspunkt
forma gjennom bøker som eg las
for mange år sidan
Impulsivt
Intuitive glimt
Brå konklusjonar
Oppstått som tilfeldige tankekreasjonar
i verda vi tilfeldigvis lever i

Oppgåver til teksten «Første gong» (side 12)

Illustrasjonen som er brukt til teksten i «The Guardian» finn de her:

Les teksten «Første gong» av Elena Ferrante.

To minutt tenkjeskriving: Skriv ned alle typane av «første gong» som du kan hugse å ha opplevd, som du kjem på.

Vel ein av dei og skriv alle stikkord du kjem på rundt hendinga. Smakar, lukter, kjensler, lydar. Kven var der? Kva vart sagt? Kva skjedde? Korleis skjedde det? Korleis har dette vore med på å forme deg til den du er i dag?

Skriv ein samanhengande tekst på 250 ord om den «første gongen» du har valt deg. 

Øvingar/oppgåver ein kan gjere med alle tekstane

  1. Alle tekstane Ferrante har skrive for «The Guardian», er svar på spørsmål ho har fått frå redaksjonen i avisa. Les ein tekst og be elevane tenkje ut kva for eit spørsmål dei trur Ferrante fekk då ho skulle skrive denne teksten?
  2. Ingen av tekstane i boka har avsnitt. Be elevane lese ein tekst og finn ut kvar dei tenkjer det passar å setje avsnitt i teksten.
  3. Språklege verkemiddel
    • Finn døme på kontrastar i teksten
    • Finn døme på metaforar
    • Finn døme på gjentakingar
    • Finn døme på ironi
    • Finn døme på overdriving
  4. Korleis vil du skildre språket til forfattaren?
  5. Alle tekstane i boka til Elena Ferrante finn du også på engelsk. Elevane kan omsetje ein tekst eller ein del av ein tekst frå engelsk til nynorsk. Deretter kan dei samanlikne si eiga omsetjing med omsetjinga til Kristin Sørsdal. Elevane kan leite etter likskapar og ulikskapar i tolkingar, språkleg stil og ordforråd i deira og Sørsdal si omsetjing. Dei engelske versjonane av tekstane i utdraget finn du her:
    1. Første gong
    2. Redslar
    3. Å skrive dagbok
Ferrante