Bok på 1-2-3: Til Panama, til Panama!
Tverrfagleg undervisningsopplegg for 1.–4. trinn i norsk, naturfag og musikk, med tema mot og vennskap.
Klassikarar i Bok på 1-2-3: Barnebokskaparen Janosch har gitt oss fantastiske, varme forteljingar med sjarmerande og fargeglade bilete. Desse forteljingane vil vi gjerne gi vidare til nye generasjonar i begynnaropplæringa.
Dette er forteljinga om då den vesle tigeren og den vesle bjørnen reiste til Panama. Den vesle bjørnen og den vesle tigeren er venner i tjukt og tynt. Og dei er ikkje redde for noko, for saman er dei vedunderleg sterke. Sterk som ein bjørn og sterk som ein tiger.
I huset sitt ved elva har dei det godt. Ein dag dreg dei av stad for å finne Panama, som er landet dei drøymer om. På vegen opplever dei mykje rart. Men kvar er Panama? Reven, kua og musa – dei veit ingen ting om dette landet, berre kråka kan hjelpe dei på veg. Til slutt finn dei det dei leitar etter.
Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket: Til Panama, til Panama!