• Blogg
  • Marker nynorskdagen og vinn ein bokpakke til klassa di

Marker nynorskdagen og vinn ein bokpakke til klassa di

02.05.2023

Nynorskdagen til nettside

Tips til korleis du kan markere dagen:

Barneskulen:

1. Få med klassa di og øv inn songen «Kom som du er», og send filmen inn til post@nynorsksenteret.no. Her finn du tekst, tekstvideo, lydfiler til songen og danseinstruksjonar.

2. Gjennomfør leseutfordringane for mai med klassa, og ta bilete som du sender inn til post@nynorsksenteret.no. Du finn leseutfordringa her.

3. Lag ein nynorskvegg! Be elevane skrive ned tre ord på nynorsk som dei likar. La dei presentere orda på kreativt vis, anten ved å bruke fargeblyantar og saks, eller gjennom digitale redigeringsprogram og ordskyer. Dekorer ein vegg i klasserommet eller på fellesarealet til skulen med orda. Fotografer veggen og send inn biletet til post@nynorsksenteret.no.

4. Lag teikneseriar på nynorsk og heng dei opp i klasserommet. Sjå opplegg her.

5. Les og arbeid med utdrag frå nynorske bøker:
Bok på 1-2-3: Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. Du finn opplegga her.

Tid for ti: Les og arbeid med aktuelle nynorske bøker. Her finn du utdrag frå bøkene, lydfiler og undervisingsopplegg.

Nynorskvegg til nettside
Døme på ein nynorskvegg.

Ungdomsskulen og vgs.

1. Lag kortnoveller og dekorer klasserommet eller fellesarealet med dei. Sjå opplegg her.

2. Lag ein nynorskvegg! Be elevane skrive ned tre ord på nynorsk som dei likar. La dei presentere orda på kreativt vis, anten ved å bruke fargeblyantar og saks, eller gjennom digitale redigeringsprogram og ordskyer. Dekorer ein vegg i klasserommet eller på fellesarealet til skulen med orda. Fotografer veggen og send inn biletet til post@nynorsksenteret.no.

3. Les og arbeid med utdrag frå nynorske bøker:

    Tid for ti (ungdomstrinn): Les og arbeid med aktuelle nynorske bøker. Her finn du utdrag frå bøkene, lydfiler og undervisingsopplegg.

    Dei nynorske tekstane i tXt-aksjonen 2022 (ungdomstrinn og vgs.). Her finn du utdrag frå bøkene, lydfiler og undervisingsopplegg.

    4. Lag nynorske mem og heng dei opp i klasserommet eller fellesarealet på skulen. Sjå tips til opplegg her.

    5. Skriv femlinjersdikt om nynorsk og heng dei opp i klasserommet eller fellesarealet. Du finn forslag til undervisingsopplegg her.

    Bli med i trekkinga av bokpakken ved å skrive nokre ord om korleis de har markert dagen til e-postadressa: post@nynorsksenteret.no.