Sidan 2016 har Tid for ti formidla nynorske bøker til elevar på sjuande trinn i heile Noreg. Bøkene engasjerer, skapar gode samtalar i klasseromma og blir lånte ut på biblioteka. Likevel: Vi ønskjer oss fleire nynorske bøker for unge lesarar, og håper fleire forlag tek oppfordringa.
Lærar Tove Stavem Reite arbeider i introduksjonsprogrammet for nykomne innvandrarar. Her startar ho undervisningstimane sine med allsongen «Kom som du er». Har det noko for seg?
Dei nye kartleggingsprøvene i lesing er utvikla for å vere motiverande å gjennomføre og for å gi læraren nøyaktig informasjon om kva elevar som strevar, treng oppfølging på.
Kva er ei god opplæring i nynorsk som sidemål? Vi på Nynorsksenteret har samla sju prinsipp som fremjar god opplæring i nynorsk som sidemål. Bruk prinsippa som eit grunnlag for å planleggje skuleåret, og tenk på korleis du kan tilpasse språkopplæringa med utgangspunkt i punkta. Lukke til!